Dei to kom til rette før midnatt natt til mandag. Røde Kors hadde kontakt med personane via mobiltelefon.

Tre jenter i 20-åra som gjekk seg vill fjellet i Årdal kommune tidlegare i kveld, har fått hjelp. Ein person i Norsk Folkehjelp tok ut ein kartposisjon som jentene kunne gå etter for å komme seg inn igjen på rett sti, opplyser politiet.

Dei tre jentene gjekk frå Stølsmaradalen i Årdal kommune tidlegare i dag, og skulle ta seg fram til ei turisthytte ved Vormelid. Også i dette området var det tåke.

– Då dei hadde gått i seks timar byrja dei å bli bekymra for kvar dei var fordi dei klarte ikkje å kjenne seg igjen i landskapet, seier Tommy Kinnunen, operasjonsleder ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dei tre er no tilbake på rett sti og i god form. Dei held fram turen som planlagt og er no på veg til hytta der dei skal overnatte.