Tusen kvinnheringar har skrive under på eit opprop om at 25-åringen må få bli. På sine tre år som asylsøkjar i Noreg har han fullført norskeksamen, kjøpt seg eigen leilighet, og gjort seg økonomisk uavhengig ved hjelp av tre ulike jobbar, blant anna som tolk.

— Eg har fleire kjenningar her enn i Irak. Eg føler at familien min er her, seier Ahmad. Av familie har han berre att ein fengsla bror i Bagdad og ei søster i Canada.

25-åringen har tunge tider etter at Utlendingsdirektoratet (UDI) nyleg fatta eit likelydande vedtak for rundt 2000 kurdarar frå Nord-Irak som er komne til Noreg. Dei blir bedne om frivillig å returnera til heimlandet. Dei er fråtekne arbeids- og opphaldsløyvet. Ahmad fekk utreisefrist til 5.juni, men han korkje vil eller vågar å dra.

Anke-flause

I mai 2000 avslo UDI Ahmad sin søknad om asyl i Noreg. I staden fekk han eit tidsavgrensa opphald på humanitært grunnlag. Den dåverande advokaten hans rekna med at opphaldet ville bli forlenga, derfor blei ikkje asylavslaget anka.

Nettopp den utelatne anken er no til hinder for at Utlendingsnemnda kan gjere ei sjølvstendig vurdering av Sanko Ahmad sitt behov for vern. Asylavslaget er endeleg. Ahmad sin noverande advokat ber likevel UDI om å ta eit eige initiativ for av vurdera asylsøknaden hans på ny.

— Eg oppfyller alle krav om integrering og tilpassing. Eg føler meg lurt når dette brått ikkje blir teke omsyn til. Og utan arbeidsløyve har eg nettopp mista jobbane mine òg, seier Sanko Ahmad. Han held likevel fram tolkekurset sitt over internett i håp om å bli autorisert.

Rømingsklar

— Eg kan ikkje reisa tilbake, det er for farleg. Eg flykta frå Irak fordi eg blei truga av fundamentalistgrupper etter å ha skrive i eit kritisk magasin. No søv eg dårleg, og har veska klar under senga i tilfelle eg må røma, fortel Sanko Faraj Ahmad.

25-åringen som også flykta frå tannlegestudiar i Irak, har på Husnes arbeidd som informasjonskonsulent og tolk på asylmottaket, han har hatt oppdrag for kommunen og har arbeidd som pleiar på Valen sjukehus.

— Det er eit paradoks at Noreg sender frå seg folk som gjer ein god innsats i sektorar der det er stort behov for arbeidskraft, seier Arne Hauge, ein av kvinnheringane som har engasjert seg i Ahmad si sak.

VIL BLI: Kurdaren Sanko Faraj Ahmad si arbeidskraft er etterspurt i Kvinnherad. Likevel får han ikkje fornya arbeids- og opphaldsløyvet sitt, og er beden om å dra tilbake til Irak som han flykta frå i 1999.
Foto: Ove A. Olderkjær