På ein av bilturane i sommar mellom aust og vest er det ikkje dumt å ta turen langs den fantastiske fylkesveg 243 mellom Aurland og Lærdal. På Aurlandssida av den kronglete fjellvegen møter du det prisvinnande utsiktspunktet titulert «640m over Aurland and 20120 km from Tokyo».

Ein perfekt biltur

Det er sivilarkitektane Todd Saunders og Tommie Wilhelmsen som står bak designet, og prosjektet er ein del av den store statlege satsinga på norske turistvegar.

Utsiktsbrua ved Stegastein i Aurland er fire meter brei og strekkjer seg ut i 33 meters lengd, og er utført i impregnert limtre med stålkjerne. Fremst ved avrundinga er publikum sikra med ei plate i herda glas.

Konstruksjonen står i tilknyting til ei romsleg utkjørsle med toalettbygg og p-plass til ti personbilar og to bussar.

— Dette er eitt av fleire delprosjekt langs den nasjonale turistvegen over fjellet mellom Aurland og Lærdal. Heile strekninga skal vere ferdig med fleire nye punkt innan 2008. Men dette er utan tvil det mest spektakulære, seier delprosjektleiar i den nasjonale satsinga, Bjørn Andresen i Vegvesenet Region Vest.

Totalt skal staten bruke 58 millionar kroner på å ruste opp den 26 kilometer lange sommarfjellvegen.

— Strekninga er perfekt for ein roleg og nydeleg biltur. Høgste punktet er over 1300 meter, seier Andresen.

I lufta over fjorden

Utsiktsbrua har hausta merksemd og omtale i ei rekke internasjonale design- og arkitekturmagasin, og arkitekt Todd Saunders er nøgd med det uttrykket anlegget har fått.

— Vi ville gje folk opplevinga av å forlate fjellsida, å kome ut i lufta, seier han.

Samtidig har arkitektane lagt vekt på å la naturen kome i fremste rekke, og ikkje bygge nokon invaderande installasjon.

— Landskapt er så fantastisk at det er vanskeleg å forbedre plassen. Vi ville heller ikkje øydelegge atmosfæren ved å bygge for mange element, seier han. - I staden har vi prøvd å finne ei minimalistisk form der vi tar vare på og understøttar naturen.

Dette skjer blant anna ved at alle trea på plassen har fått stå, slik at ein formeleg går ut gjennom tretoppane over fjorden.

Ifølgje Saunders har prosjektet i Aurland så langt vekt vel så mykje merksemd i utlandet som her heime.

Eit rammeverk

Samtidig seier Statens Vegvesen at nettopp informasjon er ei av dei viktigaste sidene ved det nasjonale turistveg-prosjektet.

— Det står sentralt i heile satsinga, seier Bjørn Andresen. - Det skal stå gode info-tavler langs vegane før ein kjem inn på dei enkelte rutene. I tillegg skal det stå tavler ved dei enkelte punkta langs ruta. Og på nettet finn dei reisande det dei treng på www.turistveg.no.

Vel så viktig er samarbeidet med det lokale reiselivet og næringslivet.

— Dei nasjonale turistvegane er eit rammeverk som lokale og regionale aktørar kan bygge vidare på. Det uttalte målet frå statens side er å styrkje næringsliv og busetnad i distrikta gjennom dette, seier han.

Og staten har også talfesta sitt ambisiøse synergimål for denne satsinga: Prosjektet er forventa å skape ein ekstra omsetnad på rundt 600 millionar kroner i perioden fram til 2015.

— Dette handlar om både busetnad, reiseliv og å ta vare på kulturlandskapet, seier Bjørn Andresen i Statens Vegvesen.