For andre år på rad oppnår ungdom frå Voss å verta utkåra som deltakar på Landsmønstringa til Ungdommens Kulturmønstring (UKM). I 2007 sende Voss til Landsmønstringa UKM-deltakarar inna tema "matkultur". I 2008 er det det lokale rockemiljøet på Voss som sender deltakarar til UKM Landsmønstringa.

Under UKM-Fylkesmønstringa i Bergen sist helg, oppnådde nemleg vossabandet "TRIO" æra av å verta kåra som deltakar til Landsmønstringa. Utkåringa skjedde i konkurranse med heile 39 andre rockeband frå Hordaland; og berre

2 band vart funne verdige til å gå vidare til Landsmønstringa!

"TRIO" reknar seg sjølve som eit Rock/Blues-band; og utmerka seg i UKM-samanheng med sjølvskriven musikk, originalitet og musikalsk dugleik.

Bandet består av:

  • Bjørnar Ekse Brandseth — 17 år - Gitar og vokal.
  • Anders Fretheim - 17 år - Trommer
  • Håvard Havro Bjørnstad - 18 år. - Bass.

"TRIO"-gutane tilhøyrer det lokale rockemiljøet på Voss, som har vist stor breidde og livskraft dei seinare åra, og som nå er i ferd med å få fram fleire dugande unge musikarar innan sin genre. Men dette er første gong vossaband har oppnådd deltaking ved UKM Landsmønstringa.

I følgje kommunal ungdomsarbeidar Svein Gunnar Mørkve, som følgde Vossa-deltakarane til UKM-Fylkesmønstringa, leverte "TRIO" ein imponerande prestasjon; der vossingane lukkast med å merka seg ut innan ein musikkgenre med svært mange deltakarar.

Ungdomsarbeidaren reknar det som sjølvsagt at dei unge Vossa-musikarane vil takka "ja" til å delta på Landsmønstringa i Trondheim i juni. Men før dei fer til Trondheim, kan vossingane venteleg sjå fram til å oppleva "TRIO"-gutane på heimebane; under "VM i Rock 2008" i Fraktgodsen laurdag 26. april.