Vegstellet konsentrerer seg sjølvsagt om ras som trugar vegane. I desse områda er det svært få bustadhus.

— Vi har brukt 2003-utgåva av rassikringsplanen for Hordaland som mønster. Tilsvarande utgreiingar er gjort for Rogaland og Sogn og Fjordane, og så er tiltaka sett opp i prioritert rekkefylje etter kva fylke dei ligg i, fortel senioringeniør Kjell Kvåle i regionvegsjefen sin strategistab til Bergens Tidende.

I rassikringsplanen for fylkesvegane blir derimot tiltaka prioritert fylkesvis, sidan fylkeskommunane kvar for seg må skaffa pengane som skal til.

Kvåle understrekar overfor Bergens Tidende at Vegstellet er premissleverandørar for politikarane, som tek avgjerd. Prioritetslista er basert på matematiske formlar der det inngår både «kalde» fakta og føresetnader som kan diskuterast. Når dette elementet skal innarbeidast i fylka sine vegplanar, kan politikarane bestemma at tiltaka skal gjennomførast i ei anna rekkefylje enn fagfolka har sett opp.

Skulle det dukka uventa pengar, har ingeniørane likevel trumfkortet. Dei lagar planane ferdig etter si liste, så lenge dei ikkje har fått beskjed om noko anna.

— Kva tid vert planen prenta og presentert for folket?

— Vi har faktisk vurdert å droppa papirutgåva denne gongen. I vår moderne tid vert planen kanskje lettare tilgjengeleg for fleire ved at vi legg han ut på internett. På den måten blir han også enklare å revidera, seier Kvåle.

Men han understrekar at det enno ikkje er avgjort om planen skal gjevast ut i trykt utgåve eller ei.

Rassikringsplanen for riks- og fylkesvegane i Hordaland var eit pionerarbeid, leia av noverande distriktsvegsjef Arnfinn Ansok, presentert i mai 1995. Her var hovudfokus sett på snøskred. 210 rasområde vart registrert, dei aller fleste i indre strok av fylket. Til revisjonen i desember 2003 hadde også steinsprang kome i fokus, og talet på rasområde auka til 334. Likevel kom det eit nifst steinsprang ved Mundheim seinare på vinteren, i eit område som ikkje var registrert.