– Det gjer oss trist, lei og forbanna når me ser kva kommunen ser gjennom fingrane med andre stader, seier Gullaug Møgster (60).

Turen til barndoms— og ferieparadiset går sjøvegen mellom holmar og glattskurte svaberg. På småbruket Avløypet vest på Ivarsøy i Fitjar vaks syskenflokken opp.

– Når eg skal reisa heim, då reiser eg hit. Å bli politimeld for ulovleg bygging rørte noko inni her, seier Karsten Nygård (68) og peikar på hjartet under den polstra dressen.

Det var i april i fjor at Kystvakta, politiet, Fitjar kommune og Fylkesmannen raida øy for øy på jakt etter ulovlege bygg i øyane nord for Fitjar.

– Simpelt gjort

Ein av stoppestadene for «Operasjon strandsone» var Avløypet der kommunen meiner det er bygd kai, flytebryggjer, grillhus, levegg og anneks utan løyve. Politiet etterforskar no kven som har bygd dei ulike bygga, men formelt er alle syskena grunneigar og dermed ansvarleg.

I 2005 søkte arvingane om å få skilja frå hyttetomter. Ønsket var at dei som allereie hadde bygd godkjende hytter skulle få eiga grunnen hyttene stod på. Men 20.000 kroner i sakshandsamingsgebyr og reguleringsplan var til inga nytte.

– Vi blei fortald at søknaden låg til modning, seier Margunn Dyvik (70).

Les også:

Ordførar: Dei har blitt dårleg handsama

Sjokket var difor stort då dei i fjor sommar las i Bergens Tidende at Fitjar kommune ville melde heile syskenflokken til politiet for ulovleg bygging i strandsona.

– Det var simpelt gjort. Me veit det er bygd meir ulovleg andre stader, seier Margunn Dyvik.

Les også: Meiner politiet somlar

– Munnleg løyve

Like nedanfor hytta hennar står eitt av dei påstått ulovlege bygga. Reiskapsbua som er kjøpt flatpakka på Coop i Haugesund er under 15 kvadratmeter.

Problemet er ikkje storleiken, men plasseringa innafor 100-metersbeltet. Søstera Gullaug har reist ei liknande ved si hytte.

– Eg er for kontroll, men slik det har blitt no blir me nesten fråtekne råderetten over eigedommen. Eg føler snart eg må varsla kommunen dersom eg skal skifta blomar i pottene mine, seier Gullaug.

Karsten på si side hevdar han fekk munnleg løyve frå ein sakshandsamar i kommunen til å setja opp grillhus.

– Kaiane låg der frå far og bestefar si tid. Eg har berre støypt dekke oppå.

– I grava som kriminell

Ein rundtur på eigedomen får minna fram. Hit kom oldefaren deira i 1868. Foreldra heldt det gåande med fiske, to kyr og seks sauer heilt fram til 1967. Under krigen samla folk seg rundt radioen i løa for å høyra siste nytt frå London.

– Det kom folk frå Bukkholmen, Siglo og Flatøy, fortel Karsten.

Annakvar dag gjekk dei på skule nord på øya. Då la dei i veg til fots og i robåt kledd i regnfrakk og tresko. Fridagane gjekk med til arbeid på garden.

– Gud kor me har slite her ute, seier Svanhild Kalvenes (63). Sjølv har ho korkje tomt eller hytte på farsgarden, men er likevel politimeld.

– No må Fitjar kommune få papira opp av skuffen slik at me kan få ordna opp i dette for etterkomarane sin del.

Annekset til broren blei avbilda i Bergens Tidende som eit av bygga kommunen ville politimelda. Han døydde i haust.

– Bror min følte han gjekk i grava som ein kriminell. Men kva skal me seia som lever att, spør Karsten.

Kva meiner du om denne sakshandsaminga? Bruk kommentarfeltet.

Helge Sunde