Synnøve Finden (1882-1957) var i over 30 år sambuar og partnar med enka Pernille Holmen (1889-1961), mormor til forfattaren Tor Edvin Dahl.

— Korleis forholdet var mellom mormor og Synnøve Finden kan einkvar gjette seg fram til, like godt som eg, seier barnebarnet Tor Edvin Dahl til Bergens Tidende.

Brukte kosten mot Tine

Dahl hugsar godt dei to spesielle damene frå oppveksten sin, og det ligg ei fascinerande histore bak osteeventyret. Blant anna er kampen mellom Synnøve Finden og det mektige meierisamvirket langt fra av ny dato.

— Allereie før krigen prøvde datidas Tine, Norske Meieriers Salgssentral, å presse ut Synnøve Finden ved å nekte selskapet ostemasse, fortel Dahl. - Ved eitt høve skal Synnøve personleg ha jaga ein representant frå meierisamvirket ut av produksjonslokala sine med ein piasavakost.

Synnøve Finden og Pernille Holmen traff kvarandre tilfeldig på ein båttur på Oslofjorden i 1926, og vart sidan sambuarar livet ut.

«Viss eg får bu hjå deg, skal du få heile løna mi», skal Synnøve ha sagt til Pernille etter båtturen. Dei flytta saman og delte dobbeltseng heilt til ein emissær påtalte det uheldige i sistnemde ordning. Etter dette delte dei framleis soverom, men no med ein kommode plassert mellom sengene.

— Vi veit jo ikkje eksakt kva forhold dei hadde, men det var jo ikkje voldsomt uvanleg at ugifte kvinner budde saman i gamle dagar, påpeikar Dahl.

Velståande par

Synnøve kunne lage ost, Pernille hadde pengar og handelsbrev. To år seinare, i 1928, starta dei to kvinnene - saman med Pernilles dotter frå ekteskapet - Synnøve Finden Ostefabrikk. Dei to kvinnlege gründerane bygde opp selskapet gjennom nøysemd, handplukka tilsette og streng arbeidsmoral. Pernille og dotra stod for det administrative, Synnøve hadde ideeane og oppskriftene, fleire av dei patenterte.

Distribusjonen utvikla seg frå sykkelbud på 20-talet til seks varebilar som leverte Finden-varer på slutten av 1930-talet.

På denne tida vart paret relativt velståande, men under krigen gjekk selskapet i stå grunna manglande råstofftilgang. Etter krigen starta dei nærast på berr bakke og bygde opp igjen mykje av det tapte.

Synnøve Finden, svekka av koldbrann og sukkersjuke, var nærast blind då ho døydde tidleg i 1957.

Ho kom frå den enno bebudde, enno veglause garden Finden i Sogn.

Synneva, som ho eigentleg var døypt, var nummer tre i ein søskenflokk på ti. Ho flytta som 17-åring til meieriskule i Stavanger, og deretter til Oslo.

Synnøve hadde erfaring frå gardsarbeid og stølsdrift, og var ei grovbygd og kraftig kvinne.

— Ho var sterk som ein mann, og bar digre 50-kilos trespann med ost opp den bratte trappa i fabrikken, minnest Tor Edvin Dahl.

Som eit ektepar

Synnøve hadde bakgrunn frå vestlansk indremisjon, medan Pernille var ankra i Pinserørsla. Store deler av overskotet gjekk til misjonsverksemd, mellom anna i Kina og dåtidas Belgisk Kongo.

Paret stilte strenge krav til gudstrua hjå dei tilsette, dei betalte dårleg, men tilbaud gratis bustad, mat og omsorg. Paret etterlet seg to villaer på Kjelsås, ei hytte i Hedmark og fabrikklokala der Tor Edvin Dahl bur i dag. Dahl har for øvrig brukt biografiske element frå oppveksten sin i Synnøves ostefabrikk i eit par av bøkene sine.

— Synnøve og Pernille oppførte seg som eit eldre ektepar og heldt saman over alt da eg kjende dei. Paret hadde gjensidig testamente, og bestemor arva såleis alt etter Synnøve, fortel Tor Edvin Dahl.

På den måten fekk slekta i Sogn ingenting etter den driftige kvinna, som heller ikkje var tilbake på fødestaden ein einaste gong dei siste 30 åra av livet sitt.

Men til jul sende ho pakkar med osteprodukt heimover.

Ostefabrikk til sals

I 1987 kunne ein lese ei annonse i Aftenposten under tittelen «Ostefabrikk til salgs». Da hadde omsetnaden i Synnøve Finden gått jamt nedover dei siste åra, og det var ingen i familien som ønskte å ta over.

Fleire bod kom inn, og tilslaget fekk Dag Swanstrøm med eit bod på to millionar kroner. Swanstrøm er framleis administerande i selskapet.

Først i 1996 lanserte det nye Synnøve Finden den første norske gulosten som utfordra det dåverande meierimonopolet. Selskapet omset i dag for over 600 million kroner og går med millionoverskot. Siste veka har verdien av Synnøve Finden stige 35 prosent på Oslo Børs.

— Det var heilt rett av oss å selgje ut. Eg veit at Swanstrøn i ettertid har sagt at vi selde for billeg, men hans bod var i alle fall desidert høgast, seier Tor Edvin Dahl. - Eg gler meg framleis over at han såg potensialet i merkenamnet. Utanom namnet overtok han kun nokre utdaterte maskiner og ein del oppskrifter. Han leigde produksjonlokala i starten, men flytta ut etter kort tid.

Og no kan du som kunde atter velge mellom to identisk prisa og identisk preglause gulostar i butikken. Høyrer du med til dei som synes osten frå Synnøve Findens er akkurat like mild og bleik som Tines variant, så veit du i alle fall ein ting:

Dama Synnøve Finden var uråd å ta feil av.

Kjelder: Arne Inge Sæbø, lokalhistor i kar for Vik kommune. www.synnove.no, selskapets nettsider

SAMAN OM ALT: På slutten av 1930-talet hadde Synnøve Finden Ostefabrikk seks varebilar som distribuerte produkta. Bak rattet sit Synnøve sjølv, framfor står Pernille Holmen, partnaren hennar. Namna på dei to andre er ikkje kjent.<p/> FOTO:<b/>VIK LOKALHISTORISK ARKIV
KAN HISTORIA: Forfattaren Tor Edvin Dahl er barnebarnet til Pernille Holmen, sambuaren til Synnøve Finden.