Kartet viser områda der svovelforbindingar har lagt seg. Der vil dei liggje og stanke i lang tid framover, meiner kjemiprofessor Jon Songstad ved Universitetet i Bergen.

Han har sjølv gått rundt i skogane rundt Sløvåg for å lukte i fjor sommar — men utan å merke særleg.

— Du veit, eg var nok pasifisert av at eg tidlegare hadde lukta inn stanken på eksplosjonstomta, seier Songstad.

Med gasskyene kom både kolpartiklar, karbondioksid, vatn og oljedamp. Men problemet heiter alkyltiolar. Desse svovelforbindingane har høgt kokepunkt og lar seg ikkje løyse opp i vatn.

— Diverre brann ikkje alt opp i eksplosjonen. Desse forbindingane vil liggje i terrenget i årevis, seier Songstad.

Ifølgje han vil dei uhyre sakte bli tatt knekken på av oksidering, bakteriar og andre naturlege årsaker.

— Du kan samanlikne det med kvikksølv. Om du legg ei perle med metallisk kvikksølv, tar det på same måte år før det forsvinn.

Inntil då ligg svovelforbindingane godt på plass rundt om i halve Gulen kommune.

— Dei synk ned i fordjupingar i terrenget. Det lykksalege er at lukta er verre enn kor giftige desse stoffa er. Men for nærområdet sin del, er alle grenser passerte, seier Songstad.