Det var før jul Miljøvernminister Helen Bjørnøy vedtok å henta inn reguleringsplanen for Jondalstunnelen til gjennomsyn. Bjørnøy gjorde dette m.a. etter sterke klager på planen frå Naturvernforbundet. Frå naturvernhald vert det hevda at vegframføringa gjennom Nordrepollen bryt med ei rad lover og reglar som Stortinget sjølv har vedteke til vern av landskap og natur.

Representanten frå Miljøverndepartementet, politisk rådgjevar Morten Wasstøl, kunne i dag ikkje seia noko presist om kva tid departementet kjem med ei avklaring. Samferdsleminister Liv Signe Navarsete har tidlegare sagt til Bergens Tidende at ho vil leggja Jondalstunnelen fram for Stortinget til endeleg avgjerd før sommarferien i år.

Les meir i BT torsdag.

Arne Hofseth (MMS)