19 TIMAR: Når det er mørke flekkar på sola, ligg det an til kraftige eksplosjonar på solas overflate.
Scanpix

Ein sjeldan gong når det er klarvêr i Bergen og sola kokar litt ekstra, kan til og med vestlendingane sjå det fargesprakande dansande nordlyset på himmelen. På sola er det no fleire mørke flekkar. Då ligg det til rette for kraftige eksplosjonar på sola si overflate.

Solvinden

Under eksplosjonen vil sola senda ut mange partiklar med stor energi. Heldigvis har jorda eit magnetfelt som vernar oss mot dei fleste av desse partiklane. Likevel vil noko av energien i vinden frå sola bli overført til jorda sitt magnetfelt, som sender elektrisk lada partiklar i stor fart ned mot atmosfæren vår.

— Det ser ut som flammar. Er nordlyset varmt, spurte ein gong ein sjuåring.

Nei, det er ikkje varmt. Faktisk kjem noko av lyset frå den kaldaste delen av atmosfæren vår rundt 100 kilometer frå bakkenivå. Nordlyset blir laga av elektrisk lada partiklar som med høg fart kolliderer med gassar i atmosfæren.

NITROGEN- OKSID: (NO) Består av eitt atom nitrogen og eitt atom oksygen.

Det meste av gassane på denne høgda er nitrogenmolekyl og oksygen. Molekylet er to nitrogenatom som heng saman, medan oksygenet kan vera både åleine eller henga saman med eit anna oksygenatom (sjå illustrasjonar).

Kvittar seg med energi

Under kollisjonen kan éin av tre ting skje: Gasspartikkelen mistar eit elektron, eit molekyl kan mista partnaren sin eller eit av elektrona til gasspartikkelen blir skyvd litt lengre unna. Viss det siste skjer, har gasspartikkelen fått ekstra energi som han kvittar seg med ved å senda ut lys.

Kva farge lyset har, avheng av kva gass det gjeld:

Grønt nordlys tyder at kollisjonen har skjedd med oksygen

Ser du tonar av lilla, er det nitrogen som har vorte tent

Raudt nordlys kan komma frå både nitrogen og oksygen

.

Auge vàr for grøntonar

Det raude lyset er ofte litt vanskelegare å sjå enn det grøne, for auget vårt er meir vàr for grøntonar. Likevel kan du av og til sjå at det raude nordlyset ligg over det grøne. Då er det oksygen som har laga fargen. Høgare oppe i lufta er det meir oksygenatom enn nitrogenmolekyl fordi oksygenatoma er lettare enn nitrogenmolekyla.

Ser du raudt under det grøne, tyder det at dei lada partiklane som bombarderer oss har ekstra mykje energi og kan tenna nitrogenmolekyla også under 100 kilometer frå jordflata. Så nordlyset vi ser kan komma frå 80— 100 kilometer og heilt opp til toppen av atmosfæren der det ikkje er gassar igjen.

Ser vi under 100 kilometer frå bakken, er det mindre nordlys i forhold til partiklane som kolliderer med atmosfæren. Her er lufta mykje tettare, og rett som det er vil gassane dulta borti kvarandre. Slik mistar nokre av molekyla den ekstra energien sin før dei får tid til å senda ut lys.

Nye partnarar

HYDROGEN- OKSID: (OH) Består av eitt atom oksygen og eitt atom hydrogen.

Kollisjonane kan gi oss nye gassar som det ikkje var så mykje av før nordlyset blei tent. Ein del av atmosfæregassane manglar jo no eit elektron, og fleire nitrogenatom er frie. Brått finn atoma nye partnarar, og vi får meir av gassar som hydrogenoksid (OH) og nitrogenoksid (NO).Desse er farlege for ozon.

OZON- MOLEKYL: (O3) Består av tre atomer oksygen.

Gassane øydelegg ozon utan sjølv å bli øydelagt. Dei er katalysatorar, det vil seie at dei er med i prosessen, men gassane blir ikkje brukt opp. Igjen og igjen kan dei dela eit ozonmolekyl i to.

Som eit troll

OH-gassen er den minst farlege. Den inngår ofte i andre reaksjonar og lever ikkje så lenge. Men NO-gassen er som eit troll. Den lever i beste velgåande så sant han kan komma unna solstrålane. Så på den mørke nattehimmelen kan NO-gassen kriga fritt og hjartelaust mot ozon.

Særleg tøft er det for ozon vinterstid på høge breidder. Her oppstår ofte vindar som fangar atmosfæregassane i eit sirkulasjonsmønster som ikkje ser sola på mange månader. Bakgrunnsvinden kan då flytta NO-gassen lengre og lengre ned til nye og nye område.

Kva gjer vel det, tenkjer du kanskje. Er det noko farleg då?

Nei, farleg er det sannsynlegvis ikkje. Nitrogenoksid (NO) som er produsert under nordlysstormar, vil ikkje nå så langt at det øydelegg ozonlaget som vernar oss mot UV-strålar.

Koplingar til vêret?

Men om mengda ozon rundt 50 kilometer opp i lufta blir forandra, endrar det temperatur og vindar i området. Og desse vindane har koplingar til vêrsystemet vårt.

Tar ein omsyn til endringar som skjer så høgt, kan langtidsvarselet bli betre, har forskarar frå mellom anna Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen vist. Og ei rekkje studiar har funne ein samanheng mellom nordlysstormar og temperaturen på bakken i visse regionar. Men kva det har å seie for det globale klimaet, veit ingen enno sikkert. Det må me finna ut av, for mangel på kunnskap skapar rom for tru og tvil, og då lagar me ofte våre eigne førestellingar.

Nordlyset er noko som alltid fasinerer folk. Så om du synest januar er mørk og trist, finn fram ein hagestol og slå av utelysa. Eg sit ute nesten kvar kveld. Eg har venta på at det over meg på den mørke nattehimmelen skal eksplodera eit lydlaust fyrverkeri medan eg let tankane vandra.

GRAFIKK: KAY ÅGE GRØTAN
GRAFIKK: KAY ÅGE GRØTAN
FULL FART: Ein kraftig eksplosjon på sola sender ein gassky mot jorda, og vi får nordlys. Det når jorda på 19 timar med ein fart på 7,9 millionar kilometer i timen. Det vil seie Norge på langs i løpet av eitt sekund. Farten på gasskya, kor tett ho er og kva retning magnetfeltet i gasskya har i forhold til jordas magnetfelt avgjer kor sterkt det er. Sidan det er så mange forhold som spel inn, kan vi berre få sikkert varsel ein time før det skjer.
Scanpix