Derimot vart han dømt for grovt tjuveri, sjølv om han ikkje fekk tjuvegodset med seg. Og Voss tingrett meinte at han ikkje hadde aktverdig grunn til å bera tapetkniv, då han ved eit anna høve vart pågripen i Oslo.

Forsvararen, advokat Gunnar Svartveit, argumenterte med at nokon måtte vera uroa, dersom mannen skulle dømast for ordensuroing etter lausgjengarlova. I dette tilfellet, eit innbrot i kafeen på jernbanestasjonen nattetid, var ingen i nærleiken, berre vektaren som oppdaga innbrotet, to politifullmektigar som kom til, og innbrotstjuven sjølv. Han hoppa ut gjennom eit vindauge og la på sprang med politifolka i helane. I motsetnad til politiet, stogga han ikkje ved vasskanten. Etter ti minutts basking i kaldt desembervatn, tutla han seg i land, temmeleg utmatta, vart teken hand om av lovens lange arm, og køyrd til sjukehus.

Inne i kafelokalet fann politiet ein boss-sekk med tobakksvarer for rundt 7000 kroner. Det faktum at han hadde teke sigarettpakkene ned frå hylla og stappa dei i sekken, kvalifiserer til dom for tjuveri, sjølv om sekken aldri forlet lokalet.

Mannen vart også dømt for klestjuveri i Stenersgaten i Oslo, men frifunnen for å ha stole to skinnjakker i ein butikk i Oslo City. Her mangla det bevis. Men han vart dømt for å ha ein tapetkniv i veska ved dette høvet. Mannen hevda at han trong å vera væpna fordi han har vore vitne til eit drap, og måtte verja seg dersom drapsmannen skulle gå til åtak. Slikt vert etter lovtolkinga ikkje rekna som aktverdig grunn til å bera kniv, konstaterte tingretten, og dømde mannen til 45 dagar fengsel. 30 dagar må sonast, medan han slepp sona 15 dagar om han held seg på matta i prøvetida på to år.