ARNE HOFSETH

— For ikkje å kasta bort unødig tid, bestemte eg meg for å symja frå Hermansverk til Vangsnes natt til i går, fortel Lewis til Bergens Tidende, for første gong på sørsida av Sognefjorden under symjeturen frå Skjolden til Eivindvik. Idet denne avisa går i trykken, gjer han seg klar til ny nattleg kryssing av Sognefjorden. Målet for natta er Kvamsøy, der han vil vitja kyrkja.- Kva skjer om du ikkje maktar å koma over?- Står det om livet, blir eg plukka opp i fylje-kanoen. Elles er det å symja attende til Vangsnes. Så kan eg anten prøva på nytt å kryssa fjorden, eller reisa attende til Hermansverk og symja den lengre ruta langs nordsida, forklarer han. Det blir i tilfelle andre gongen han kjem symjande til Balestrand. I går symde han nokre hundre symbolske meter til ære for TV-kamera, ordføraren i Balestrand, hotelleigaren og mange frammøtte på Kvikne's Hotell. Dermed vart det skikkeleg markert at Lewis her var komen halvvegs på sin 204 kilometer lange symjetur Sognefjorden på langs.

KRYSSAR FJORDEN: Med Vangsnes som mellomstasjon har Lewis Gordon Pugh dei to siste nettene kyssa Sognefjorden to gonger for å unngå omvegen om Balestrand, der han likevel var på symbolsk halvvegsvisitt i går. FOTO: ARNE HOFSETH.