— Denne fossen er opplagt av nasjonal interesse, og spørsmålet om utbygging var ei altfor stor sak til at NVE skulle få bestemme aleine, seier leiar Alvar Melvær i Sogn og Fjordane Turlag.

Verdsarvområdet

Turlaget har no vunne fram med si klage på utbyggingskonsesjonen som NVE (Norges Vassdrags- og Energiverk) gav i mai 2005.

— Sjølvsagt er vi glade for dette. Som departementet sjølv skriv i avslaget; dette gjeld sjølve inngangsporten til UNESCO sitt verdsarvområde i Indre Sogn, seier Melvær.

Gjennom selskapet Småkraft AS hadde to grunneigarar i den veglause bygda Sylvarnes i Vik kommune søkt om konsesjon til å byggje ut fossen. Inntaket til det planlagde kraftverket skulle liggje rett utanfor grensa til Stølsheimen landskapsvernområde, og ville bli liggjande om lag midt i den 330 meter høge fossen. Årsproduksjonen ved ei utbygging var berekna til 9,9 GWh.

I sitt vedtak poengterte NVE at eit nytt kraftverk ville bidra til energiforsyninga, og at ei utbygging kunne bidra til å halde oppe busetnad og kulturlandskap.

Viktig turistområde

Det bur i dag fire fastbuande personar fordelt på to bruk i den veglause bygda ved sørsida av Sognefjorden.

Departementet er samd i at omsynet til busetjing og kulturlandskap på Sylvarnes er av allmenn interesse, men tvilar på at ei utbygging i seg sjølv er nok til å sikre at desse omsyna blir tatt vare på.

«Departementet legger vekt på at Sognefjorden er en viktig turistattraksjon. Blant annet er fjorden hyppig trafikkert av cruiseskip og annen båttrafikk som passerer forbi Sylvarnes», heiter det i vedtaket, der departementet vidare viser til at området er kåra til verdas best bevarte reisemål av National Geographic Traveller (2004) og til verdsarv av UNESCO (2005).

Departementet finn heller ikkje at ei redusert utbygging vil stå i forhold til naturinngrepa.

«Etter en totalvurdering finner departementet at fordelene ikke overstiger de skader og ulemper utbygging av kraftverket innebærer», heiter det i vedtaket.

Alle ville byggje ut

Når Sogn og Fjordane Turlag no har vunne fram med si klage på utbyggingsvedtaket, seier leiar Alvar Melvær at dette skjer med ein liten bismak i munnen.

— Vi har ikkje gjort dette med lett hjarte. Dersom styresmaktene ønskjer at det skal bu folk på slike plassar, må dei gje folka ein sjanse til å livnære seg der, seier Melvær. - Det er utan tvil verdfullt at det er fastbuande på plassar som Sylvarnes, og at kulturlandskapet blir halde i hevd.

Småbrukar Reidar Hjortland på Sylvarnes eig 85 prosent av fallrettane som var planlagt utbygd, og er svært skuffa over vedtaket i departementet.

— Alle vi fire som bur her, ønskte denne utbygginga. Vi tenkjer på busetnaden og framtidige generasjonar her. Det blir ikkje lett med ein slik merkeleg politikk, seier Hjortland til Bergens Tidende.

PERLE VED SOGNEFJORDEN: Departmentet la vekt på verdsarv-status og turistinteres-sernår dei no nektar utbygging av Sylvarneselvi i Sogn. FOTO: SOGN OG FJORDANE TURLAG