Drapsmorgonen var det få bilar, syklistar og fotgjengarar som ferdast langs Angedalsvegen. Like fullt har politiet ikkje greidd å kome i kontakt med to eller tre syklistar og to kvinner som er etterlyst fleire gonger.

Bilføraren som køyrde i stor fart over Hafstadflata i retning Jølster klokka 0735 har heller ikkje meldt seg, trass fleire oppmodingar. Politiet viser stor interesse for denne bilen.

Håpar på aha-oppleving

Politiet går no ut med ein skisse som viser alle rørsler i området frå kl. 0650 fram til 0730 drapsmorgonen 6. juni.

— Vi håpar at det skal gje oss nye tips, og at dei vitna vi ikkje har greidd å kome i kontakt med skal få ei aha-oppleving, seier lensmann Kjell Fonn.

— Var nokon på veg heim frå nachspiel eller ferdast i området av andre grunnar, vil vi ha kontakt med dei, seier Fonn.

Politiet veit at Anne Slåtten hadde sett klokkeradioen på alarm kl. 0620. Ein halvtime seinare reknar dei med at ho gjekk frå hybelen i Hamretunet (til høgre på biletet).

Med normalt tempo ville ho brukt kring 38 minutt til jobben, og 28 minutt dit ho vart funnen drepen. Eit sannsynleg drapstidspunkt er derfor kvarteret mellom kl .0715 og 0730.

Møtte fleire på vegen

På vegen møtte ho fleire personar, truleg også sin eigen drapsmann. Vitna som enno ikkje har meldt seg kan difor sitje på svært viktige opplysingar.

n Ei kvinne er sett kome gåande frå Grovene nedover Angedalsvegen i retning sentrum kl. 0715. Ho skal ha vore stor, kraftig og med lyse bukser.

n Ei kvinne er observert ved busslomma ved Førdehuset ca. kl. 0710-0715. Kvinna gjekk mot Førde sentrum. Ho skal vere mellom 20 og 30 år, 170-180 cm høg. Kvinna hadde truleg lang mørk jakke med hette og mørk bukse.

n Klokka 0710 ser eit vitne ein syklist med mørke klede i Angedalsvegen ved krysset til Vievegen, syklande mot sentrum.

n På same tidspunkt ser eit vitne ein mørkkledd syklist ved Bautas på Smestad. Også han syklar mot sentrum. Politiet ser ikkje vekk frå at dei to observasjonane er av ein og same person.

n Kl. 0710-0715 blir ein syklist med mørke klede observert på høgre side av Angedalsvegen i retning Førde sjukehus. Observasjonen blir gjort på strekninga Grovene-Fossabrua.

n Den første observasjonen av det som kan ha vore Anne Slåtten er klokka 0700 i Vievegen ved Høgskulen.

n Ein tilsvarande observasjon blir gjort i same tidsrom i krysset Grovene-Angedalsvegen.

n Eit vitne meiner å ha sett Slåtten ved avkjørselen til Presteholten, gåande mot sentrum. Klokka var då 0705-0715.

Samstundes ber politiet personar som har kasta frå seg søppel i skråninga ved åstaden om å melde seg. Politiet verkar spesielt interessert i ei cola-flaske.

— Vi har funne ei halvliters colaflaske. Ho har ikkje lege der lenge. Vi vil gjerne kome i kontakt med den som har kasta flaska frå seg, seier lensmannen.

Truleg er dette for å utelukke DNA-spor.