Ei kvinne i 50-åra braka saman med ein bil utanfor Shell-stasjonen i sentrum rundt klokka 21 onsdag.

Kvinna vart frakta med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde.

— Ho er lettare skadd, men ligg til observasjon på intensivavdelinga, seier AMK-operatør Astrid Sunde.

Omstenda rundt ulukka er enno uklare, ifølgje politiet.