Guten var saman med ein kamerat på veg mot biblioteket på sykkel. Han fekk skadd kneet i samanstøyten.

Gatekrysset er ekstra trongt for tida, fordi Torget er under opprusting. Kommunen har planar om å utvida gateløpet ved å sneia halvannan meter av fortauet på motsett side, mot Vangskyrkja, men dette arbeidet har berre nådd oppmerkingsstadiet.

Kjøpmennene i Vangsgata har ved fleire høve skulda kommunen for å gjera ting i feil rekkefylje.

Det er også retta kritikk mot den nye løysinga med større torg, stenging av Skulegata og innsnevring av Vangsgata. Konfliktane kjem tett der gatene Bergsliplassen, Ringheimsvegen og Stallgata munnar ut i Vangsgata.

TIL SJUKEHUS: Det gjekk verst ut over venstre kneet då ein 15-årig syklist støytte samen med ein bil framfor Vekselbanken i Voss sentrum i føremiddag. FOTO. ARNE HOFSETH