— Syklisten er frakta til Førde sentralsjukehus med beinbrot. Utover det veit vi ikkje kva for skader han har fått, seier operasjonsleiar Atle Jansen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ulykka vart meld klokka 08.00 torsdag morgon og skjedde på ved rundkøyringa i nærleiken av Lidl i Hafstadvegen i Førde. Politiet veit førebels ikkje korleis ulykka skjedde.

— Vêret er dårleg og det var dårleg sikt. Med mørke klede i tillegg blir ein for mørk i trafikken, seier Jansen.

Sjåføren av bilen (64) skal ikkje ha blitt skadd.

— Det er oppretta sak og partane skal avhøyrast. Då vil vi også ta stilling til om det skal takast beslag i førarkortet, seier politibetjent Jan Bjarte Skrøppa ved Førde og Naustdal lensmanns-kontor.