Klokka 23.30 natt til torsdag vart ei 16 år jente påkøyrd på Vangen i Voss kommune.

— Ulukka skal ha hendt ved innkøyringa til Statoilstasjonen på Vangen. Den 16 år gamle jenta vart køyrd med ambulanse til Voss sjukehus. Ho skal ikkje vera alvorleg skadd, men har vore på sjukehuset til observasjon i natt, seier politiførstebetjent Jostein Skeie ved Voss lensmannskontor til bt.no.

Sjåføren av bilen skal ikkje ha hatt norsk førarkort. Politiet etterforskar om han har gyldig førarkort.