Ein 12 år gammal gut kom til skade etter å ha kollidert med ein bil i Firdavegen i Florø tysdag kveld. Han blei sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus for observasjon.

– Guten var bevist, men skadeomfanget er ukjent, seier operasjonsleiar Einar Vereide i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 19.50. Det vart tatt alkotest av føraren, ifølga firda.no.

Saka vil bli etterforska av Flora politistasjon, skriv politiet i loggen.