— Han sykla sørover frå sentrum langs Røysavegen. Litt før fengselet passerte han ein kvinneleg fotgjengar, som såg at han sykla i grøfta tre-fire hundre meter lenger framme. Då ho kom dit, fann ho mannen liggjande død nede i grøfta, fortel fungerande lensmann i Vik, Odd Frode Vikøren til bt.no.

— Det vart sett i gang gjenopplivingsforsøk, og også luftambulansen vart tilkalla, men utan at livet stod til å redde.

Ulykka skjedde ved 23.30-tida onsdag kveld, og mannen har truleg vore på veg him etter å ha vore på ein uteplass i sentrum.

Politiet vart varsla av AMK, men fekk kjennskap til ulykka svært seint.

— Det er jo vi som skal ta hand om slike redningsaksjonar, men i dette tilfellet gjekk det alt for lang tid, seier Vikøren, som rykka ut til ulykkestaden først ein dryg time etterpå. Da var ambulansehelikopteret allereie returnert. Ifølgje politiet er det ingen ting som tyder på at andre trafikantar var involvert i det som skjedde.