NSB marknadsfører sykkeltur på Rallarvegen i sine brosjyrar, men for familien Eidjar frå Oslo viste det seg at sykkelturistar kan møte veggen i NSB.

Etter sykkeltur på Rallarvegen og båttur til Bergen sykla dei i går til jarnbanestasjonen, men der var det ingen som kunne hjelpe dei med å få syklane med på toget. Årsaka: I vår helgestengde NSB godsekspedisjonen i Bergen for godt.

— Vi trudde vi var ute i god tid - over eitt døgn før vi skulle reise. Men der fekk vi beskjed om at det ikkje var mogleg å få syklane med på toget, seier Kari Eidjar.

Dei skal tilbake til Haugastøl i dag, der bilen står. Men NSB sitt daglege sykkeltog går først klokka 14.30, og dei må reise tidlegare.

Etter at BT tok opp saka med informasjonssjef Preben Colstrup i NSB løyste det seg for familien Eidjar. NSB tek inn syklane i ein gang, og sender dei til Oslo måndag.

— Det er ikkje mogleg å gjere dette for mange, men vi må bli flinkare til å finne smarte løysingar til kundens beste, seier Colstrup, som understrekar at det ikkje er meint som kritikk av NSB-personalet i Bergen.

Han seier det generelt sett er viktig at sykkelturistar er ute i god tid med å bestille plass på sykkeltoga som går frå Bergen kvar dag klokka 14.30.

— For å vere sikker må ein vere ute minst to døgn på førehand, seier Colstrup.

DET LØYSTE SEG: Kari, Nora, Oda og Ole Petter Eidjar møtte veggen då dei prøvde å sende syklane sine til Oslo i helga. Etter at BT tok opp saka med NSB vart det likevel ei løysing.<b/>FOTO: HANS H. MJELVA