Hardangerbrua opnar i august. På begge sider av brua er det og stor aktivitet.

Snuplass for vogntog

Både i Butunnelen og Vallaviktunnelen blir det rundkøyringar. Og begge får eit kraftig blått lys i tunneltaket.

— Midt inne i Vallaviktunnelen har vi og bygd ein snuplass for vogntog. Det er ei nisje som er skote ut i tunnelen, seier kommunikasjonsrådgjevar Geir Brekke i Statens vegvesen.

Verdas høgste tunnelportal

Strekninga frå rundkøyringa i Vallaviktunnelen og ut mot Hardangerbrua er på om lag 750 meter.

— Du kjem då frå ein tunnelhøgd på seks meter ut i ein tunnelportal med ein høgde på heile 23 meter. Det skal vera verdas høgste vegtunnelportal, seier Geir Brekke.

Arbeidet i den nye Butunnelen er snart ferdig. Her held dei no på med elektro- og ventilasjonsarbeid.

Om lag 1140 meter inne i Butunnelen blir det og ei rundkøyring. Den eine tunnelarmen går mot Eidfjord, den er 270 meter lang. Medan den andre armen, som går mot Kinsarvik, er 400 meter lang

To ny sykkeltunnelar

På austsida av sjølve brua blir det ein 3,5 meter brei gang- og sykkelsti. Skilt frå køyrebanen med autovern.

Det blir og bygd og to gang- og sykkeltunnelar. På Vallaviksida blir sykkeltunnelen om lag 50 meter lang, medan tunnelen på Busida blir på rundt 100 meter.

På sjølve brua arbeider ein no med å sveisa 23 seksjonane saman. I april vil bruelementa på begge ender av brua bli vridd i rett posisjon, og sveisinga kan gjerast ferdig. Samstundes held ein på med å vikla kablane på plass.

— Den lange kuldeperioden har skapt litt problem med sveisinga, men det ser ut til at dei har fått dreisen på det no, seier Geir Brekke.

Sykkelløp over brua i august?

— Og når opnar brua?

— Det blir i august, men endeleg dato er ikkje spikra enno, seier Geir Brekke.

Det er planlagt eit sykkelritt frå Voss til Geilo den 24. august. Så får tida vise om brua då er opna. Eller om syklistane slepp til før brua er offisielt opna.

Har du tankar om Hardangerbrua? Del dei gjerne med oss.

HARDANGERPORT: Her er den 23 meter høge portalen i betong på Vallavik-sida av Hardangerbrua ferdig støypt. Den gir utsyn mot brua og fjordlandskapet når ein kjem ut av Vallaviktunnelen.
Geir Brekke, Statens vegvesen (arkiv)