Ein syklist støytte saman med ein lastebil på Davik i Bremanger i formiddag.

Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser at syklisten vart skadd i samanstøyten og er teken hand om av helsevesenet.

Det var ein vaksen mann som var på sykkelen.

Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjent, melder politiet.