Med fem periodar i kommunestyret, tre av dei med klubba i handa, hevdar Rommetveit hardnakka at han ikkje klorer seg fast i stolen for posisjonen si skuld.

— Me har mykje ugjort, men eg ser at me kan få ting til, seier Rommetveit. Han held fram kommunen si rivande utvikling dei siste tolv åra og den harde kampen for å behalda fødeavdelinga på Stord sjukehus som gode eksempel.

Utfordringane står i kø for industribyen mellom Bergen og Stavanger. Arbeidsløysa er på 4,6 prosent, og kommunen hadde 100 millionar kroner i underskot ved årsskiftet.

— Me har mista over 1000 arbeidsplassar. Stordsamfunnet må likevel ikkje få Odda-syndromet og forvitra. Stord skal vera eit velfungerande sosialt samfunn både når det gjeld kultur og velferd, seier Rommetveit.

Arbeiderpartiet vil ha kampen mot arbeidsløysa som hovudsak ved kommunevalet. Dei vil utvikla næringslivet gjennom omstillingsprosjektet SNU, sikra bygging av mottaksstasjon for gass på Eldøyane og vidareutvikla flyplassen Stokken. Partiet vil òg urbanisera Leirvik slik at kristtornbyen kan bli eit vitalt regionsenter for heile Sunnhordland.

RUTINERT OG ENGASJERT. Stord ordførar Magne Rommetveit (Ap) går ikkje lei. Han stiller like godt som ordførarkandidat for Arbeiderpartiet på Stord for fjerde gong på rad.<br/>Foto: LENA VERMEDAL