STEINAR HYSTAD

No spelar og syng den utflytta bergensar i vaksenkoret ved sjømannskyrkja i Houston. I New Orleans satsar dei på jazz.

Dei to norske sjømannskyrkjene ved Gulf of Mexico ligg fem-seks timars biltur frå kvarandre. Den eine i Texas, den andre i Louisiana. Ikkje heilt like av utsjånad, men dei har nokså make kyrkjebygg med spir og høgreist møne og inngang direkte frå gateplanet.

Låg terskel

Besøk i desse kyrkjene gjev tru på at arkitekturen symboliserer den låge terskel inn til det glade bodskap med ekstra takhøgd for den vidstrakte aktivitet Den norske kyrkja i utlandet har å by sine sokneborn. Det blir meir enn dei tradisjonelle kyrkjelege handlingar, ferske vaflar, kaffi og ein veggseksjon full av norske lokalaviser.

— Ein god stasjon å ha for oss som er stasjonert her borte, seier Trygve Skaar, når gitaren er pakka ned og siste strofe sungen på vårkonserten.

Ein ny kveld «på kjerka» med fullsett sal og god stemning og svingande allsong til country-klassikaren «The circle».

Mange nordmenn

Skaar har hatt base i verdas oljehovudstad i 18 år og er no leiar av transportservice-firmaet Trader Navigation. Han og familien er mellom dei 4.000 og 5.000 nordmenn som til ei kvar tid er i Houston. Ein viktig plass å vera for den som vil følgja marknadsrørslene innan olja på nærast mogleg hald. Alle store oljeselskap har sine kontor i der og etterkvart har vel 80 norske firma posisjonert seg i byen med 4,5 millionar innbyggjarar.

— Medan talet på fastbuande norske går opp, går besøket av skip med norsk mannskap ned. På mine tre år ved kyrkja er det reduksjon frå 700 til knapt 400 båtar per år, fortel vaktmeister og pianist John Erik Brakstad.

Kroner i kassen

Framleis får alle skip med nordmenn om bord besøk frå kyrkja. Og framleis er det slik at sjømannskyrkjene sjølve må skaffa pengar til daglege drift og vedlikehald, medan staten løner personalet. Her kjem oppfinnsame tilsette og støtteforeningar til sin rett. Gjennom sportslege turneringar av ymse slag, , basarar og konsertar, butikksal av norske varer og storstila 17. mai-feiringar, kjem det kroner i kassen.

Ved Sjømannskyrkja i New Orleans blir det tenkt i jazztakt for å halda aktiviteten oppe, medan besøket av norske sjømenn jamt går ned. Mellom dei 100.000 gjestene til jazz-festivalen i byen ved Mississippi nyleg, var Terje Bjørdal. I det dagleg krinssekretær for Den norske sjømannsmisjonen/ Den norske kyrkja i utlandet med stasjon Bergen. Han er også jazzansvarleg i sjømannsmisjonen og skal i sommar stå på stand på festivalen både i Haugesund og Molde.

Kulturutveksling

— Musikk er ein framifrå måte å forkynna på og me vil profilera avdelinga vår i New Orleans som ei jazz-kyrkja. Ho ligg jo i jazz-hovudstaden. Kulturutveksling er ein del av arbeidet vårt, og gjennom kontaktane kyrkja har på plassen er det blitt formidla gode musikarar og songarar til både Festspillene i Bergen og til jazzsamling rundt i Noreg. Fleire norske musikarar har gjennom dette samarbeidet fått innpass i mississippideltaet, fortel Terje Bjørdal.

Etter mange reiser til New Orleans er han rett mann å spørja etter plassar å gå for å lytta til svingande musikk i det Franske kvarter og Bourbon Street.

Overnatting

Norske førstegongsreisande til jazzbyen gjer eit lukkeleg val å be hjelp til overnatting på Den norske sjømannskyrkja.

— Så lenge me har plass, og det er lenge, tek me inn losjerande. Me likar å ha folk innom dørene og rekorden er 60 sovande. Då låg det folk på flatseng over det meste her . Kyrkja har skikkeleg herbergeplass til 12-14 personar og i fjor noterte me 2000 overnattingar. 10 dollar natta er billeg, men gjev grei innkome til arbeidet vårt. Det blir eit lite tillegg for frukost - medan eit Guds ord med på den vidare reisa er gratis, seier styrar Odd Halvorsen.

TRYGVE SKAAR hadde fleire solistinnslag på vårkonserten med koret på Sjømannskyrkja i Houston.
FOTO: STEINAR HYSTAD