Hydro er parat til å investera 7-8 milliardar kroner i eit utvida aluminiumsverk på Karmøy og 1-2 milliardar kroner på auka kapasitet i Sogn, på Sunndalsøra og Husnes dersom konsernet får nye, langsiktige kraftkontraktar som er til å leva med.

Svenske Vattenfall sin langtidsavtale med blant andre Elkem har vist veg. Også Statkraft har opna for langtidskontraktar med industrien der kraftprisen blir knytt til dei til ei kvar tid svingande prisane på industriprodukta. Utan å vera i konflikt med EØS-avtalen. Det opplyste Statkrafts administrerande direktør Bård Mikkelsen på Energikonferansen i Haugesund denne veka.

På Haugesund-konferansen sa LO-leiar Roar Flåthen at investeringar for minst 25 milliardar kroner står på vent i Noreg fordi industrien ikkje har forutsigbare kraftprisar å retta seg etter når gamle kontraktar med sterkt statssubsidierte og EØS-uvennlege prisar går ut.

Hydro vil

– Det er ingen ting vi i Hydro heller vil enn å investera i ny kraftintensiv industri i Noreg. Vi har tilgong på konkurransedyktig kraft her i landet, men det står på viljen til å sikra oss nok slik kraft, seier Torstein Dale Sjøtveit, konsernsjef for Hydro Aluminium Metal.

Hydro har investert 33 milliardar kroner på land i Noreg dei siste sju åra. Ein tilsvarande sum går med til å byggja det enorme Qatalum-verket i Qatar som Hydro eig halvparten av, og som står ferdig i 2010.

Fakta/Hydros planar i vest

n Vil auka aluminiumproduksjonen på Karmøy med ein ny hall med årsproduksjon 300.000 tonn

n Vil auka kapasiteten på Sunndalsøra med 40.000 tonn

n Vil auka kapasiteten i Sogn og på Husnes (Søral 50 prosent Hydro-eig) med 100.000 tonn

n Hydro produserer årleg nær ein million tonn råaluminium i Noreg ved hjelp av rundt 15 TWh elkraft