I fjor haust fekk 22-åringen kjenningar til å knusa vindaugene på bilen sin for å få utbetalt knapt 7000 kroner i forsikringspengar.

Samstundes melde han ein namngitt uskuldig person til politiet for ugjerninga for å skjula forsikringssvindelen. I retten la 22-åringen alle korta på bordet, han må no betala forsikringsselskapet pengane tilbake.