No er mannen dømd til fengsel i sju månader. I tillegg til svindel er han også dømd for å ha skubba ei politikvinne slik at ho datt i bakken.

Mannen er tidlegare domfelt fem gonger, og har fram gjennom åra også klart å skaffe seg ei rekkje bøter.

Den hittil mest alvorlege dommen kom for snart tre år sidan, då han i Oslo tingrett blei dømt til 120 dagar fengsel for bedrageri.

Same våren var mannen svært aktiv i Sunnfjord. Han prøvde å heve falske sjekkar i ulike bankar både i Førde og Flora. Til slutt lukkast han ved Sparebanken Sogn og Fjordane si avdelinga i Florø.

I alt heva han tre sjekkar, summen han fekk ut var 152.000. Ifølgje dommen må han betale pengane tilbake til banken.