I Nordfjord tingrett la mannen alle korta på bordet, og erkjente at han faktisk hadde vore i arbeid store delar av perioden da han heva dagpengar i 2002 og 2003. Dermed fekk han utbetalt drygt 111.000 kroner for mykje i dagpengar, og vart straks politimeld da Aetat avslørte svindelen.

Retten peikar på at det er snakk om grovt trygdebedrageri, og at det er allmennpreventive grunnar for ein streng reaksjon. Straffa vart dermed sett til 30 dagars fengsel utan vilkår, nøyaktig likt forslaget frå politiet.