I staden brukte falske bankkvitteringar som betalingsattest. Onsdag må han dermed møte i Sogn tingrett, tiltalt for grovt bedrageri.

Det var 19. oktober i fjor at mannen skal ha utrusta seg med to falske kvitteringar frå Postbanken og gjekk på handletur i sognebygda.

Den kvitteringa første gav inntrykk av at 212.500 kroner var på veg til ein maskinforhandlar, og gjorde at 41-åringen fekk ut ein finfin traktor – komplett utstyrt med beitepressar, pallegaffel, lastar og skuffe.

Den andre tvilsame kvitteringa var på 120.000 kroner, og gjorde at mannen kunne hente med seg ein Toyota Hiace varebil hjå den lokale merkeforhandla-ren.

Påtalemakta meiner at begge kvitteringane er falske, og at det er tiltalte sjølv som har påført dei merknaden «be-talt 17.10.05».

Politiadvokat Bjørn Larsen møter som aktor, medan advokat Kjell Rutledal skal forsvare 41-åringen. Rutledal ønskjer ikkje å kommentere saka.

Strafferamma for grovt bedrageri er fengsel i inntil seks år.