– Det er rett og slett svinande glatt, seier politibetjent Trond Atle Sjøvold ved Stord lensmannskontor. Han opplyser at til saman tre bilar har køyrd utfor vegen i nitida i dag.

– Den første køyrde utfor vegen og snurra ein runde. Dei to andre har berre sklidd ut av vegen, seier Sjøvold.

Saman med ein kollega stoppar han alle bilar som kjem køyrande på sidevegen til E39. Bilane skrensar og siglar. Piggane riv i isen før dei stoppar. Såpeglatt er berre forbokstaven. Sjølv bt.no sin utsende har problem med å halda seg på beina.

– Vi har ringt etter saltebil. Vegen er førebels stengt, opplyser politibetjenten.

Ikkje alvorleg skadd Ifølgje Jan Østebøvik ved operasjonssentralen til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt blei ein tre år gammal gut send til Stord sjukehus for sjekk.

– Han gråt og klaga over smerter i brystet, seier Østebøvik, som trur ulukkene skuldast underkjølt regn.

Den tre år gamle guten som blei sendt til Stord sjukehus for sjekk blei i følgje politiet ikkje alvorleg skadd.

— Etter undersøking tyder alt på at guten er uskadd, seier politiførstebetjent Odd Harald Hovland ved Stord lensmannskontor.

LENA VERMEDAL (mms)