Ein av dei næraste dagane vil Gilde sjølv gå ut med salstala sine for dei siste vekene. Men alt tyder på at dei ikkje vil representere nokon katastrofe for den bondeeigde matvaregiganten. Ein ringerunde Bergens Tidende har gjort til butikkjedar og større matvareforretningar viser at forbrukarane, om dei nokon gong har svikta Gilde, er på full fart tilbake.

— Gilde er ei svært sterk merkevare, konstaterer butikksjef Christian Myredal ved ICA Maxi-butikken på Åsane Senter.

Normalsituasjon

Hos den nest største daglegvarekjeda i landet, Coop, karakteriserer dei situasjonen som tilnærma normal.

— På produkta som blei trekt tilbake, gjekk salet sjølvsagt ned. Men bortsett frå då det storma som verst, kan vi ikkje seie å ha merka nedgang i vårt sal av varer frå Gilde, seier informasjonsdirektør i Coop Norge, Vidar Ullenrød.

  • Så e.coli-saka har ikkje ført til at forbrukarane vel vekk Gilde til fordel for deira konkurrentar?

— Nei, vi opplever at vi no har ein tilnærma normalsituasjon.

Det same melder ICA. Også der er det varene Gilde måtte trekkje tilbake, som står for nedgangen.

-Det vi derimot har sett er ein viss auke i salet av fisk og kvitt kjøt, og ei litt anna fordeling i salet av pålegg. På Gilde-produkt generelt har vi ikkje opplevd særleg reduksjon, seier informasjonssjef Terje Gulbrandsen i ICA Norge.

Kjøtdeig på veg opp att

Frå dag til dag er det dei tilsette i matvarebutikkane som merkar om folks handlevanar endrar seg. Fleire større matvarebutikkar Bergens Tidende har vore i kontakt med, fortel om enkeltpersonar som tek kontakt fordi dei er kritiske og vegrar seg for å handle Gilde-produkt. Men dei aller fleste ser ut til å stole på at det er trygt.

— Kjøtdeig er på full fart opp att. Fårepølsa sel godt. Salami ligg litt etter, men gje dei eit par-tre veker så er nok den også tilbake på eit normalspor, trur ferskvaresjef Geir Loftesnes på Sparbutikken i Handelshuset i Førde.

På ICA Maxi i Åsane Senter meiner dei nedgangen i salet av kjøtvarer frå Gilde har vore på kring 20 prosent totalt sett.

— Den første perioden med nedgang i salet av kjøtdeig gjekk eigentleg veldig fort over. Kundane har støtta Gilde. Det spennande no blir å sjå kva som skjer framover etter dei siste tabbane, seier butikksjef Christian Myrdal ved ICA på Åsane Senter.

Sjå etter alternativ

Det same meiner informasjonsdirektør Per Roskifte i Norgesgruppen, den største matvarekjeda i landet.

— Magefølelsen min tilseier at folk no er i ferd med å bli frustrerte og oppgitte. Det siste som skjedde med feilutsending av produkt, var det verste som kunne skje selskapet. Eg trur forbrukarane no kan komme til å sjå etter alternativ. Dersom Gilde no ikkje kjem seg inn på tørt land, trur eg dei kan oppleve ein varig negativ effekt, meiner Roskifte.

Til Bergens Tidende seier Norgesgruppen-direktøren at han trur få andre norske bedrifter kunne overlevd ei slik sak. Det er Gildes sterke merkevarenamn og deira unike posisjon mellom norske forbrukarar som har gjort at dei framleis har hovudet over vatnet.

  • Men etter at dei nesten var ute av denne saka, har tabbane dei siste vekene gjort at forbrukarane er i ferd med å føle mistillit. Eg meiner leiinga i Gilde har handtert ei vanskeleg sak svært godt. Men det kan ikkje komme fleire overraskingar, og dei må bruke mykje krefter på å vinne tilbake posisjonen i marknaden. Eg trur ikkje det er gjort på nokre veker, seier Roskifte.