Røykutvikling i eit hus i Lærdal i går kveld viste seg å stamme frå sommardekk i fyr. Dekka var lagra i ein kjellar i huset.

– Førebels er det uklart korleis dekka byrja å brenne, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det var folk i nærområdet som varsla politiet om røykutviklinga.

Branntilløpet vil bli nærmare undersøkt i morgon. Mellom anna vil ledningar i kjellaren bli granska, opplyser politiet.

– Varmgang i ledningar er ei mogleg årsak, seier Inge Værøy.