Dei låg ikkje på latsida, parkeringsvaktene med kvit hatt og blå uniform i fjor. I følgje årsmeldinga for den kommunale parkeringsordninga skreiv dei ut 872 bøter for brot på trafikk— og skiltreglar.

500 sviande kroner i bot fekk 313 bilar som hadde stått for lenge, 143 bilar stod på reservert parkering medan 140 stod parkert på forboden plass. 186 bilistar hadde brote andre reglar.

Det er ikkje fritt for at mange opplevde bøtene som urettvise. 99 klaga, og 69 fekk faktisk medhald.

Men parkeringsvaktene var ikkje ferdig med dette. Dei skreiv også ut 1590 tilleggsavgifter på kroner 300 for brot på reglar om avgiftsparkering.

1129 stordabuar hadde ikkje løyst parkeringsbillett eller denne var ikkje synleg. 459 rakk ikkje å henta bilen i tide.

Den kommunale parkeringsordninga ser ut til å fungera etter intensjonane, heiter det i årsmeldinga for parkeringshandhevinga, som blei lagt fram fredag.

– Eitt av hovudmåla med parkeringsordninga er å gjera Leirvik lett tilgjengeleg for handlande, reisande, besøkjande og andre som har ærend i sentrum, står det i meldinga.