Nav melder om at stadig fleire svenskar søkjer arbeid i Sogn og Fjordane.

— På enkelte ledige jobbar her i fylket har vi faktisk sett fleire søknader frå Sverige enn frå Noreg, seier Kristine Kopperud Timberlid, Eures-rådgjevar i Nav Sogn og Fjordane.

Når Timberlid legg ut ledige stillingar på svenske Nav sin web-portal, let ikkje responsen vente på seg.

— Vi ser at stillingar som har låge ute i lengre i tid i Sogn og Fjordane berre får 1-3 søkjarar, medan ein før opptil 100 søkjarar i løpet av kort tid når ein legg dei same stillingane ut i Sverige. Det er interessant å observere, seier ho.

Hovudårsaka til pågangen er den veldige veksten i arbeidsløyse i Sverige, særleg blant ungdom. Dei siste arbeidsløysetala for Noreg syner at 2,7 prosent av arbeidsstyrken er ledige her i landet. medan Sverige slit med om lag seks prosent arbeidsløyse.

— For svenske ungdommar er det lettare å finne sin første jobb i Norge enn i Sverige, seier Timberlid.

14 av 15 tilsette er frå Sverige

Ein av dei som har nytta seg av svensk arbeidskraft, er eigar av Pizzabakeren i Florø, Robert Lundqvist.

— Eg byrja med å annonsere i Sogn og Fjordane, men fekk berre fem søkjarar. Eg kjem sjølv frå Sverige, og kontakte Nav for å sette ut annonse der. Etter ein månads tid hadde eg over 200 søkjarar, fortel Lundqvist.

På restaurantane sine i Florø og Gjøvik har han no rekruttert så mange som 14 svenskar. Berre ein av dei tilsette er frå Noreg. Sjølv kom han til Noreg for ti år sidan for å jobbe i fiskeindustrien. Etter å ha budd både i Oslo, Bergen og Ålesund, har han no slått seg ned i Florø.

— Eg tykkjer Sogn og Fjordane er den finaste plassen, og trivst veldig godt.

Han er oppteken av dei tilsette også skal trivast med staden dei bur, og stiller blant anna hus til disposisjon når dei kjem.

Ekstrem pågang

Straumen av svenskar til Noreg har fram til no avgrensa seg til Austlandet, men Timberlid seier dette er i ferd med å snu.

— No er pendelen litt på veg mot oss, og eg tenkjer at dette er noko vi heilt sikkert vil sjå meir av, seier Nav-rådgjevaren.

Jamleg reiser ho til Sverige for å informere om jobbmoglegheitene i Sogn og Fjordane. Pågangen er ekstrem.

— Kvar gong eg har vore der så sit folk på golvet og i vindauge, og det kjem busslastar med ungdommar frå omliggjande byar som gjer at vi må sette opp ekstramøter.

Svenskane er no i ferd med å fylle opp ledige jobbar innan servicenæringa i fylket, men også som mekanikarar, elektrikarar, sveisarar og helsearbeidarar. Svenskane unngår byråkratiet fordi dei ikkje treng arbeidsløyve. Samtidig er lønningane betre enn i heimlandet, og ein treng ikkje omstille seg i språket.

Populære svenskar

Timberlid tykkjer straumen av svenskar til fylket utelukkande er positiv.

— Vi er glade for at arbeidsgjevarane som lyser ut stillingar gjennom oss, får svar frå kvalifiserte søkjarar, uavhengig av kor dei kjem frå.

Ho inviterer alle arbeidsgjevarar som ikkje får tak i norsk arbeidskraft lokalt, til å orientere seg i Skandinavia og Europa elles.

Timberlid minner dei innfødde om å vere på hogget for ikkje å tape kampen mot svenskane.

— Arbeidsmarknaden er open, og vi veit at servicenæringa er veldig nøgd med svenskane. Svenske ungdommar er pliktoppfyllande, mobile og dermed ei populær arbeidskraft.

Det kan Robert Lundqvist skrive under på.

— På grunn av den høge arbeidsløyse, tar svenske ungdommar som får jobb i Norge, veldig godt vare på jobben. Nordmenn er like dyktige i jobben, men svenskane står kanskje litt ekstra på.

Treng vi meir svensk arbeidskraft på Vestlandet? Sei meininga di.

NAV