EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noDet svenske magasinet "Vi Fvrdldrar" gjennomførte i fjor ein forbrukartest av 12 ulike fritidsvestar for barn opp til åtte år. Alle vestane var CE-merka, og dermed også tillatt for sal i Noreg.Den einaste som viste seg å vere heilt til å stole på, var modellen "Baltic Baby Split front", berekna på barn opp til 15 kg. Alle dei 15 ungane som prøvde vesten vart vende over på ryggen i løpet av fem sekund i vatnet. To av vestane — "Plastimo Baby" (opp til 10 kg) og "Plastimo Typhoon" (opp til 20 kg) - snudde ikkje eit einaste barn. Helly-Hansen for dårlig Tre vestar frå norske Helly-Hansen kom heller ikkje spesielt godt ut. "Helly-Hansen Mini" snudde ti av 19 barn, modellen "Comfort" snudde to av ni, medan "Navigare Scan" snudde åtte av elleve.Ingen av Helly-Hansen-vestane fekk betre karakter enn 2,5, der 2 stod for "inte så bra" og 3 for "okej".Den store testen vart gjort i samarbeid med babysymjeforbundet i Stockholm, og 237 sped- og småbarn deltok.Testarane konkluderer med at CE-merking på ingen måte er ein garanti for at vestane er sikre. Blant anna peikar magasinet på at CE-testane blir utført med barn utan andre klede enn badebukse, altså utan bleier. Klede og bleier Svenskane brukte både klede og bleier på sine testbarn, bortsett frå på dei aller eldste.Testarane meiner det viktigaste er at vesten snur barnet raskt, sjølv om det har bleie på. Dei legg også vekt på at kragen må vere stor nok til at barnet kan liggje trygt på ryggen, og elles at vesten passar godt.Dei rår også til at vesten er utstyrt med ei hempe som det går an å dra opp barnet etter, dersom det skulle falle i vatnet.

Klikk her for å lese den svenske testen