I fjor sommar vart Austevoll fri frå fylkesmannens kontroll over økonomien, etter mange år på den såkalla Robek-lista.

— Vi var vel den kommunen i landet som hadde vore nest lengst inne på lista, seier rådmann Rolf Nøstdal.

Øykommunen sør i Hordaland hamna på lista etter at inntektene svikta på slutten av 1990-talet.

— Det skjedde ganske mykje. Selskapsskatten forsvann til Oslo. Det betydde veldig mykje for Austevoll. Viss eg ikkje hugsar feil, fekk vi ti millionar kroner mindre over natta. Og så vart arbeidsgjevaravgifta auka samstundes, seier han.

Hovudet i sanden

Men politikarane i Austevoll reagerte ikkje med å kutte utgiftene.

— Dei hadde ein filosofi om at dette måtte dei få hjelp frå av staten, og held oppe aktivitetsnivået. Det gjorde at det oppsamla underskotet auka for kvart år, seier han.

Vendinga kom då Framstegspartiet med unge Helge Andrè Njåstad kom til makta i 2003.

— Frp hadde køyrt veldig på at ein måtte rydde opp i eige bu. Då fekk kommunestyret eit sterkt fokus på at ein ikkje kunne forvente hjelp frå høgare makter, men måtte rydde opp sjølv. Sidan har kommunestyret vore veldig edrueleg, seier Nøstdal.

Noko av det første dei gjorde var å leie inn eit konsulentselskap som konkluderte med at kommunen dreiv for dyrt, samanlikna med tilsvarande kommunar.

La ned skular

Det vart startskotet til ei rekkje politisk vanskelege val: Frp-kommunen innførte eigedomsskatt, halverte talet på sjukeheimar, slo saman skular, fjerna to av tre bibliotek og eit av tre legekontor. I tillegg har dei innført månadlege økonomi-rapportar til formannskapet.

— Det handla rett og slett om å ta strukturelle grep på ein del område der det var naturleg, seier rådmannen.

Det skjedde ikkje utan kamp. Spesielt nedleggingar og samanslåingar av skular vart møtt med kraftige protestar.

— Når du slår saman skular er det veldig mykje støy i forkant, men det vil forundre meg viss nokon no meiner at dei nedlagde skulane bør opnast på nytt.