Verftet som har spesialisert seg på bygging av offshore bustadmodular går inn i den nye Apply Group under namnet Apply Leirvik, med rundt 300 tilsette.

Leirvik Sveis var eigd av Stord-familiane Karlsson og Bjelland inntil Sørco i Sandnes kjøpte verksemda i desember 2005. Det gav namneskifte til Leirvik Module Technology, men stadig «Sveisen» på folkemunne.

Stor på sokkelen Eigarane bak SørcoGruppen i Sandnes og Apply AS (Hitec Vision og Køhlergruppen) har lenge sett at dei saman representerer eit solid grunnlag for å kunna løfta store prosjekt til lands og til sjøs, går det fram av ei pressemelding i dag.

Apply Group får ein årsomsetnad på rundt tre milliardar kroner og 1750 tilsette. Selskapet satsar på å bli ein sterk aktør i oljenæringa på norsk sokkel innan vedlikehald, modifikasjonar og utviklingskontraktar.

To i familien Med også «Sveisen» under Apply-paraplyen er det klart at den nye grupperinga får to bein å stå på i Sunnhordland.

1.januar 2009 var elektroverksemda Asator på Stord ein av byggesteinane i nye Apply saman med Elektrisk Bureau, Maritime Systems og North Sea Innovation.

Apply Group er eigd med ein halvpart kvar av Køhler-gruppen og Hitec Vision. Hovudkontoret blir i Stavanger, med Per Bjørn Habbestad (52) som konsernsjef. Han har bakgrunn frå mellom anna Aibel i Haugesund, eks Vetco, ABB, Umoe, Haugesund Mek. Verksted.