Frå hausten 2004 blir det tilbod om nettbasert yrkesutdanning innan plate og sveis. Høgskolen Stord/Haugesund, Norsk Sveiseteknisk Forening, vaksenopplæringa og Aker Kværner er godt i gong med å førebu klassebasert teoriundervisning via nettet.

Foto, videofilm og realistiske jobbdøme frå industrien blir sentrale verkemiddel. Rundt 30 yrkesskulelærarar har vore på Stord denne veka for å læra om det nye verktøyet.

Rekrutteringa til sveisefaget har stupt dei siste åra. Ein heil generasjon sveisarar er i ferd med å gå tapt. I år går det berre fire elevar i plate— og sveisklassen ved Stord yrkesskule, medan Stord-industrien i år har behov for 24 lærlingar i faga.

— Ein fleirfagleg jobb blir meir og meir viktig for stadig fleire. Kvardagen må gjerast meir interessant, seier Eddie Flatås, fagansvarleg for sveiseteknikk på Aker Stord. På verftet har dei første sveisarane pc-ar med seg for blant anna å halda seg oppdatert på teikningar og materialbruk.

Teknologibedriftenes Landssammensluting (TBL) delfinansierer prosjektet som skal halda Noreg leiande innan sveiseopplæring og sveiseteknikk. Tanken er også at dei som har gjennomgått den nettbaserte utdanninga, automatisk blir sertifisert for yrkesutøving i andre land.

— Dette blir ein heilt ny måte å trekkja praktisk, industriell tenking inn i teoriundervisninga. Etterutdanning er óg ein sentral del av opplegget, seier Christian Holthe, dagleg leiar i Norsk Sveiseteknisk Forening.