Arbeidarpartiets Jorunn Skåden (49) blir Sveios første kvinnelege ordførar, og ein av svært få av det slaget i Hordaland. Det nye Sveio kommunestyre får ti kvinnelege medlemmer, fem gonger så mange som sist.

Resultatet står i sterk kontrast til 1999-valet, då Sveio fekk kjeft av både fylkesmann og likestillingsombod for elendig kvinnerepresentasjon i styre og utval.

— Var verst i landet

— Sveio var verst i landet i så måte. Men partia tok det alvorleg og førte kvinner høgt opp på listene, seier Jorunn Skåden til Bergens Tidende.

Jorunn Skåden, Solfrid Aasen og Ragnhild Lysen utgjer tre femdeler av Sveio Ap si nye kommunestyregruppe. KrF, Sp, Venstre, Høgre, Frp, Kystpartiet og Bygdelista har kvar sin kvinneleg representant i det 25 medlemmer store kommunestyret.

Ei Sveio-kvinne, Venstres May-Britt Vihovde, er dessutan representert på Stortinget.

Jorunn Skåden og Ap gjekk fram i Sveio, men langt mindre enn Frp, som blir største gruppering med seks representantar. Frp hadde ingen ordførarkandidat. Med KrFs tilbakegong, og eit etablert samarbeid mellom Ap, KrF, SV, V, Sp og Bygdelista, hadde sitjande ordførar Olav Haugen (KrF) ingen vanskar med å ringja Jorunn Skåden for å tilby toppstillinga.

Eksordførarmann i gruppa

Ap fekk også innvalt Jorunn Skådens ektemann Magnus, trass i at han stod langt nede på lista. Han var ordførar i Sveio i åtte år fram til valet i 1999.

Jorunn Skåden frå Valestrand er lærar ved Sveio skule, klassestyrar på ungdomssteget. Haugesunds ordførar Petter Steen jr. (H) er tilsett på samme skule.

— Skule er stridstema i Sveio. Temaet er om me skal ha ein eller to ungdomsskular. Eg meiner at me må samla ungdommane og ressursane og byggja ein skule for framtida, seier Skåden.

Sveio har 4700 innbyggjarar og har stor utpendling til Haugesund og Stord.

— Ei ideell plassering for å gjera seg nytte av store sentra i nord og sør. Me får i både pose og sekk. Trekantsambandet er med på å gjera det meir interessant å busetja seg i Sveio. Petter (Haugesund-ordføraren, red.mrk.) seier dessutan at Sveio er eit satsingsområde for Haugesund, seier Jorunn Skåden.

Kvinner inn - kvinner ut?

Det er framleis langt mellom dei kvinnelege ordførarane i Hordalands 33 kommunar.

Marit Aksnes Aase (KrF) i Samnanger er hundre prosent sikker på å halda fram i ordførarvervet etter over 80 prosent oppslutnad måndag. Tove Brandvik (Ap) i Lindås skulle også vera trygg.

Utanom Sveio ligg Ullensvang herad an til skifte frå mannleg til kvinneleg ordførar i og med Senterpartiets store framgong der. I så fall er Solfrid Borge den utvalde.

Frp-framgongen kan gjera stillinga usikker for Kari Manger (Ap) i Askøy, trass stor personleg oppslutnad om henne ved valet måndag.

På Fedje er det heller ikkje endeleg avklart om Vilgerd Storset Husa (KrF) må vika sete. Den samme uvissa rår rundt Solbjørg Omdal Sandvik (H) i Meland kommune.

«ORDFØRARSKULEN»: Jorunn Skåden er lærar på Sveio skule, der også Haugesunds ordførar Petter Steen jr. er tilsett. Skåden har eksordførar og ektemann Magnus med seg i Ap-gruppa i det nye Sveio kommunestyre.<p/> FOTO: OVE A OLDERKJÆR