– Me fekk no feira jul, men ikkje nett slik me hadde tenkt oss, seier Rune Rekve (35), fungerande formann i Mosahaugen burettslag i Sagvåg, og ein av dei som mista husværet i brannen.

Då brannen var sløkkt i 18-tida etter to timars innsats frå over 20 brannmenn, fekk Rekve lov å gå inn i husværet sitt for å henta ut julepresangar som var nokolunde intakt.

– Men dei var sterkt vass— og sotskadde, slik heile husværet er, fortel Rune Rekve. Han og sambuar Toril Fitjar (43) har saman med søner på 8 og 23 inntil vidare teke inn hos svigerforeldre på Stord. Dagleg leiar Per Olaf Lillebø i Stord boligbyggelag lovar både Rekve/Fitjar og dei tre andre huslause familiane mellombels husvære like over nyttår.

– Slik du ser på film Også andre juledag var Rekve og Fitjar i branntomta på leit etter gjenstandar og utstyr som ikkje er for sterkt skadd av sot, lukt og vatn. Resultatet var magert.

– Det er dessutan ei ulempe å ikkje få kontakt med innbuforsikringsselskapet før måndag, seier Rekve.

Brannen starta i husværet midt i rekkja, bebuarane der var bortreiste.

– Medan guten vår var i dusjen høyrte me først nokre sekundar med knitring, så kom det ein veldig eksplosjon frå nabo-husværet, der stoveglaset blei sprengt og flammane stod ut. Det er slik som du ser på film, fortel Rekve og Fitjar.

– På eit halvt minutt var alt røyklagt. Me kom oss ut og fekk stort sett berre berga med oss eit fotoalbum og to gitarar, seier Rune Rekve, som gir honnør til både Stord boligbyggelag, ordførar Liv Kari Eskeland og kommunalråd Knut Gram for at dei tidleg stilte opp for dei ramma familiane. Første juledag opna nokre butikkar også dørene slik at dei brannramma kunne skaffa seg klede.

Ukjent årsak Det er spekulert i om brannen kan ha starta i eit fjernsynsapparat, men politiet kan ikkje stadfesta om det er tilfelle før tekniske granskarar startar sitt arbeid måndag.

Rekkjehusa i Mosahaugen i Sagvåg er oppført tidleg på 1980-talet. Vindstilla julafta forhindra brannen i Mosahaugen 27-33 å spreia seg til naborekkjehus.

Ifølgje dagleg leiar Per Olaf Lillebø i Stord boligbyggelag har verdiar for minst 6-7 millionar kroner gått tapt.

– Skadene er så store at det truleg ikkje er anna løysing enn å riva ned den øydelagte rekkja og byggja opp igjen, seier Lillebø.

Vil du senda ei julehelsing til familiane på Stord? Skriv her!

OVE OLDERKJÆR
OVE OLDERKJÆR
OVE OLDERKJÆR