Dei er mange og forureinsar lufta med rundt 400.000 tonn CO2 og 6500 tonn NOx i året, dieselferjene i totalt 125 innanlandske ferjesamband. I framtida bør dei fleste av dei gå på batteri og utsleppsfri vasskraft, meiner miljøorganisasjonen Zero.

I ein ny rapport slår organisasjonen fast at 40 prosent av ferjestrekningane i Hordaland — 9 samband - er modne for overgang til batteridrift, i Sogn og Fjordane fem samband. Samla er ein tredel av alle norske ferjesamband i dag ideelle for batteriferjer, med små endringar kan ytterlegare ein tredel gå på batteri lada med landstraum, er konklusjonen.

Dei kortaste sambanda der det er tid nok til å lada batteria mellom avgangane er det Zero peikar på som dei første som kan bli klimavennlege utan omfattande endringar.

«Beffen» alt i 1894

Elektrisk ferjedrift er langt frå ein ny tanke. Alt i 1894 fekk Bergens Elektriske Færgeselskap (BEF) bygt åtte elektrisk drivne ferjer for passasjertransport over Vågen i Bergen.

I både Rogaland og Sør-Trøndelag er det konkrete prosjekt for elektrifisering av bilferjesamband. Tide Sjø har fått 10,7 millionar kroner i støtte frå NOx-fondet for å byggja om MF "Finnøy" til batteridrift. Ferja trafikkerer sambandet Lauvvik-Oanes i Rogaland, ei ti minuttars kryssing over Høgsfjorden. Arbeidet blir ikkje ferdig i 2011 som planlagt, melder Teknisk Ukeblad.

Sør-Trøndelag fylkeskommune har eit prosjekt for elektrifisering av eit samband mellom Trondheim og Vanvikan. Regjeringa har óg bestemt at ei batteridriven ferje i E 39-sambandet Oppedal-Lavik over Sognefjorden skal vera eit utviklingsprosjekt med sikte på omlegging til miljøvennleg drift innan dei neste fem åra.

Fjellstrands tre prosjekt

Fjellstrand-verftet i Hardanger har laga eit ferjekonsept basert på eit litiumbatteri til framdrift, og med plass til 75 bilar. Ferja vil kutta utslepp med 570 tonn CO2 og 15 tonn NOx i året i forhold til dieseldrift.

Ifølgje Fjellstrand er det ferjesamband med mindre enn 30 minuttars overfart som er best eigna for batteridrift. Det er også fordel med moderat storleik (plass til under 120 bilar) og moderat fart (11-13 knop).

— Vi er engasjert i tre konkrete utviklingsprosjekt for elektrisk drift, og er godt orientert om kva som rører seg på området. Vi håpar blant anna å få til eit pilotprosjekt gjennom miljøteknologisamarbeidet Maritime Clean Tech West i Sunnhordland, seier Nils Aadland, administrerande direktør i Fjellstrand AS.

El-samband i Hordaland

Ifølgje Zero er desse sambanda i Hordaland klare for omlegging til elektriske bilferjer:

Gjermundshamn-Varaldsøy

Skånevik-Utåker

Buavåg-Langevåg

Jondal-Tørvikbygd

Bruravik-Brimnes (nedlagt i 2013)

Klokkarvik-Hjellestad

Husavik-Sandvikvåg

Breistein-Valestrandsfossen

Masfjordnes-Duesund

Og med mindre endringar:

Jektevik-Hodnanes

Leirvåg-Sløvåg

Hatvik-Venjaneset

El-samband i Sogn og Fjordane

Zeros forslag:

Hella-Dragsvik

Dale-Eikenes

Isane-Stårheim

Nåra (Haldorsneset)-Daløy

Barmsund-Barmen