— Akk ja. Det blir ein lang dag, sukkar gamlelensmann og auksjonarius Johannes Waage.

Det har vore hard kamp om seta i ungdomshuset Dalatun i vel ein halvtime allereie. Langs veggane knuffar bygdafolk, bergensarar, sveitte amatører og dunkle proff-oppkjøparar seg til eit par centimeters ståplass.

Utanfor står bilane stabla oppetter lia som legoklossar. Nokon har alt gitt opp. - Det versta eg har sitt, seier ei fortvila konemor.

Ingen kreditt

Og enno er ikkje klokka ti.

Inne på scena ligg sju utskotne haglegevær og gispar etter luft. Sju-åtte rosemåla kistar står bakom og småsøv, mens det knitrar i cash frå rad ein til tolv. Her gjeld berre kontantar. Kredittkortkundar får heller dra på IKEA.

— Kan de laga fri passasje der borte ved døra, i tilfelle nokon skulle besvima? ber auksjonarius. Waage har vore med på slikt før. Men så tett med auksjonsfolk er det sjeldan å sjå.

Og det tek berre 76 sekund før første grautambar er havna under hammaren. Seld til han med nummer 93 der nede ved vindauga for 3800 kroner. Pluss ti prosent avgift. Her er ikkje tid å mista.

Lukrativ mimrestund

Det store berget av nips, nostalgia, og 200 år med bondestoveutstyr er samla opp gjennom lang tid. Dette er det jordiske godset etter Alida og Olav Steine.

— Det var far til Olav, han Inge-Ola, som samla på alt dette rare, fortel Johannes Waage. Han samla på utruleg mykje rart, og bygde eit slags museum til alle tinga heime på tunet. Men etter at han døydde på 80-talet, vart dei berre liggjande og mugna. Synd det, meiner auksjonarius.

Men det gir auksjonslyden jamnt blaffen i. Dette er mimrestund og maraton for alle som er vaksen opp i nærleiken av ein gard, eller som kanskje ser profitt i slitne treverk og gamle kjerrehjul.

— Ja, her er ein del gamle ting, og eit bilete av vår elskede prinsesse, forkynnar Waage. Prinsessa går for berre 200 spenn. Ingen respekt.

— Og her er ei vekt, den er so rusta at det er ulovleg å bruka henne. Nokon som vil ha? Opp med labben!

Deprimert orgel

Slik held dei koken til langt på ettermiddag. Ei ølbolle frå 1837 til kroner 2000. Hardingfele til 5000. Nok ei hauggammal ølbolle til 6100. Klassisk møblement, sølvtøy, kommodar, veggseksjon, slitne duellpistolar, ein langleik og lysestaker og meierispann og sengegavlar. Og eit lettare deprimert tysk pumpeorgel. Ein ekte Hildebrandt med gullmedalje frå Allgemein Ausstellung i Hamburg Altona i 1903.

Og ellers mykje nøktern nostalgia som i dag er verd fleirfoldige tusenlappar, tydeligvis. Etter kvart legg tung sommarlukt av nyslått høy og vellagra mugg seg i lokalet. Det er svanesang for eldgamle ting og tang, og Waage dunkar i bordet for 67. gong.

— Utskoren kanna til 5100! Ja ja. Tydeleg at det er nåken som har greie på det ...

Skikkeleg fart på lommeboka blir det ikkje før den 134 år gamle kista til salig Guri Guttormsdotter Skeie svevar opp på bordet. 9000 kroner på rekordtid. Guri kunne kanskje ha betalt ned heile garden den gongen i 1869, for den summen.

Like greitt at Guri ikkje er til stades, kanskje ...

KJØPEPRESS: - Opp med labben, seier aksjonarius Johannes Waage. Fleire hundre gamle og slitne kuriosa var lagt under hammaren i Steinsdalen i går. Og fleire hundre kjøparar kjempa om dei sjeldnaste skattane. <p/>FOTO: RUNE NIELSEN