ERLEND SPURKELAND

Styreleiar Ivar Sandgren i Osterøy ferjeselskap viser i eit brev til Stavangerske AS til telefonar frå bekymra reisande som ønskjer at fugleungane må få leva opp, og håpar at ferjeeigaren legg «Sand» i ekstra opplag på Valestrand «slik at dei vesle ungane er liv laga». For etter fleire sesongar med reirbygging og ungeavl på ferja i osterøysambandet har svalene blitt lokale maskotar og sommarsymbol for ferjereisande ostringar.

Upåverka av folk og bilar

Meininga var at ferja «Sand» berre skulle vera på sambandet til nyeferja «Ole Bull» kjem om ei vekes tid. Men det var før svalene kom. Kva som no vil skje med dei hekkande fuglane er uvisst.

Ivar Sandgren fortel at svalene held til på Osterøysida. Nokre hundre meter ute på fjorden forlet dei ferja, og møter den igjen på returen til Valestrand. I det ferja sakkar er svalene der, og flyg effektivt rett på reira. Upåverka av motorstøy, eksos og folk tråklar dei seg innimellom bilane som kjører i land og om bord. Den dirigerande matrosen bryr dei seg ikkje om. Det er ikkje så lenge ferja ligg under land, så fuglane har det travelt.

Ferjesvaler

— Eg veit ikkje kva sort svaler det er, smiler ferjeskipper Alvar Håland og kikkar ned på dei små, svarte luftakrobatane.

— Me om bord kallar dei for ferjesvaler. Han fortel at svalene har hekka om bord i sambandet dei siste fem-seks åra. Talet på fuglar har auka jamt. I år er det sju reir å sjå oppe under ferjeoverbygget.

— Ingen sure miner og klaging frå dei reisande over fugleskit og song, seier han. Svalene har tvert imot blitt ein attraksjon, og vert ivrig studert av både mannskapet og dei daglege ferjependlarane.

Håpar på ordning

Både skipper og styreleiar håpar at «det vert ei ordning» for svalene. At dei skal «få gjort seg ferdige». Men 4000 kroner dagen for ei ekstra ferje kan i lengda verta dyrt for eit lite ferjereiarlag. Viss det ikkje vert nokon løysing for svalene, og «Sand» likevel dreg sin veg med reira om bord, trur dei at det vil bli vanskeleg å få svalene til å starta om att på «Ole Bull».

— For «terrenget» er ikkje så svalevennleg der, seier dei. Men det er lov å håpa.

FERJESVALER: Dei har vore faste sommargjester på sambandet mellom Breistein og Valestrand i fem-seks år. Kanskje vert årets sesong den siste for dei sju para som har sett bu om bord. <br/>Foto: ERLEND SPURKELAND