Unnataket finst i sambandet Tau — Stavanger. Å køyra om bord i MF «Stavanger» er som å parkera på ein fotballbane. Porten vid og dekksplassen brei. Ei rar ferje å sjå til, men effektiv og spennande.

Ingen mørk og støyande salong under dekk. Alle reisande er samla trygt over havet, under ei rund og dreibar bru. I ein lyst og fint innreia salong med kiosk og panoramavindauge frå tak til dørk.

Snart glir 110-bilarsferja frå kai i Stavanger sentrum. Like utanfor Bybrua er det full gass. Fire motorar som dreg katamaranen framover med i alt 7300 hestekrefter. Farten er 22 knop, ti meir enn fjordferjer flest.

Ingen dansande kaffikopp

Farten aukar, Ryfylke opnar seg i alle retningar. Rolls Royce-maskinane brummar ikkje verre enn at det fint går an å føra lågmælte samtalar. Ingen dansande kaffikopp på salongborda.

Eg studerer bildegalleriet som viser Stavangerske si rekkje av sju fartøy med namnet «Stavanger», den eldste bygt i 1867. Litt av ei utvikling.

Etter 25 minuttar legg me roleg til kai på Tau.

— Ei veldig greie ferja. Folk siktar seg inn mot dinna båden i staden for å reisa med den vanlega ferjå som går i sambanne'. Det einaste problemet e at me sko hatt ei nye ferja te'.

På returen står Johannes Laugaland på dekk med ein lastebil fullasta med ved til Stavanger. Det blir mange ferjeturar på Hjelmeland-karen, særleg om hausten.

Den første snøggferja har vore i drift i vel eit halvt år i sambandet Stavanger - Tau. Dei reisande har trykt nyskapningen til brystet. Nesten halvert reisetid og god passasjerkomfort gir kontrast til ein norsk riksvegferjestandard som elles synest å ha stått på staden kvil dei siste 20 - 30 åra.

Ferjesnittalder 23,5 år

HSD har ein snittalder på 23,5 år på sine 31 ferjer. Flåten er ikkje særleg yngre i andre norske ruteselskap. Typisk er 1970-modellane MF «Fusa» og «Tysnes» framleis i dagleg HSD-trafikk med sin 12 knops fart.

Ikkje berre ferjene, men også ferjefornyinga går tregt. Eitt nybygg i året er kva Stortinget tilbyr norske ferjereisande og ei svolten verftsnæring.

Også i 2004 er det tillate bygt berre ei ny riksvegferje. Ei standard eittskrogsferje teikna av Vegdirektoratets seksjon for veg- og ferjeforvaltning i Oslo.

Aluminiumkatamaranen MF «Stavanger» - utvikla og produsert av Fjellstrand AS på Omastrand i Hardanger - ser ut til å forbli ein sjeldan fugl i den norske ferjefamilien i mange år framover. Verftet lagar i staden ein serie snøggferjer for tyrkiske reiarlag.

— Så lenge staten styrer ferjetakstane og til ein viss grad driftskostnadane, eg tenkjer på bemanningsreglane, så er det avgrensa kva vi kan tillata oss av nyinvesteringar, seier administrerande direktør Geir E. Aga i HSD Sjø.

Den første snøggferja var tiltenkt HSD-samband til og frå Austevoll eller Kvinnherad. Men HSD måtte overlata prosjektet til Stavangerske då vegkontoret i Hordaland ikkje ville ta ferjekaioppgraderingane som måtte til.

No er HSD mest oppteken av sjansen for å få tre nye gassferjer i sambandet Halhjem - Sandvikvåg. Det blir eittskrogs stålferjer som skal gå om lag like fort som «Stavanger». I tilfelle avløyser dei fire standardferjer i 15-årsalderen som skal fordelast på andre norske samband.

Søkjer til nyeferja

— Det har vore visse innkøyringsproblem. Men «Stavanger» har svart til forventningane. Folk trekkjer mot henne, og står gjerne over ein tur for å koma med nyebåten. Me ønskjer ei snøggferje til i Tau-sambandet, seier teknisk sjef Peter Hansen i Stavangerske AS.

«Stavanger» kosta 182 millionar kroner. Fjellstrand AS fekk statlege forskning- og utviklingstilskot for å utvikla ferjetypen.

På «Stavanger»-brua sit kaptein Sigbjørn Berge og overstyrmann Inge Hetle og gir meir skryt til nyskapningen. Men det har vore ein nokså stor overgang frå tradisjonelle eittskrogsferjer til å manøvrera katamaranen.

Ny og ømfintleg elektronikk og fire eigenrådige motorar å halda styr på har gitt offiserane utfordringar. Nokså tidleg etter rutestarten deiste ferja inn i ein Bubru-pillar. Det er bustader på begge sider av sundet, og folk på land stolar enno ikkje heilt på snøggferja. Derfor er det innført nye fartsavgrensingar ved innseglinga til både Stavanger og Tau. Ferjelemmane er heller ikkje ferdig utvida slik at «Stavanger»s breie baugportar og store losse- og lastekapasitet på langt nær er fullt utnytta.

I KJØLVATNET: I 22 knops fart susar MF «Stavanger» over bølgene og legg fort gamle MF «Strand» bak seg.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR
SJELDAN FUGL: MF «Stavanger», her på veg ut frå Stavanger, får ikkje mange søsterskip i norsk farvatn. Norsk ferjefornying skjer med berre eitt nybygg i året.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR
JA, TAKK: Folk står gjerne over ein tur for å få vera med nyeferja. Blant dei er vedtransportør Johannes Laugaland.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR