Når 48-åringen frå Onarheim i fjor sende 26.000 tonn oppdrettslaks verd knapt 670 millionar kroner ut på marknaden, forstår ein at verdiskapinga i Alsaker Fjordbruk er formidabel.

Driftsresultatet for 2009 er på over 170 millionar kroner, den bokførte eigenkapitalen 405 millionar.

Trass problem med nyresjukdommane PD og IPN på fisken også i fjor, ser Gerhard Meidell Alsakers konsern ei kraftig resultatbetring i forhold til 2008. Og 2010 ligg an til å bli endå betre.

På eigen kjøl

— Marknaden er sterk, og marginane gode. Det har vore ein kald vinter, men biologisk ser det så langt i år betre ut enn i fjor, seier Gerhard M. Alsaker.

Tysnesingen eig framleis lakseselskapet sitt hundre prosent, og har ingen planar om å klargjera det for oppkjøp.

— Me flyt godt på eigen kjøl, og ser ingen grunn til å endra på det. Me har hatt gode resultat, og kan få det også i framtida. Og då gjeld det å vera framoverbøygd, seier Alsaker.

Sidan oppstarten av familieselskapet tidleg på 1980-talet, har Alsaker Fjordbruk vakse ut over Tysnes sine grenser. Det disponerer i dag anlegg i 12 kommunar i Hordaland og Rogaland, inklusiv eit eige slakteri på Sunde i Kvinnherad. Selskapet sysselset rundt 150 personar.

Sug etter laks

Kollapsen i chilensk lakseproduksjon har resultert i eit sterkt sug etter norsk laks på verdsmarknaden, med prisoppgang som resultat.

Den siste tida har marknadsprisen på laks vore nær 40 kroner kiloet. I fjor oppnådde Alsaker Fjordbruk ein snittpris på rundt 26 kroner for sin fisk. Med 5,8 millionar laksefiskar – kvar på gjennomsnittleg 4,5 kilo slaktevekt – gjekk kvar fisk for vel 115 kroner. Av det sat selskapet att med nær 30 kroner i driftsmargin.

Om 2009 var resultatmessig godt for Alsaker-konsernet, var 2006 endå betre med ein driftsmargin på 41,6 prosent. 2008 blei eit resultatmessig svakt år for Alsaker. Eit driftsresultat på berre 40,9 millionar kombinert med eit stort urealisert valutatap gav eit resultat før skatt på minus 6,2 millionar kroner.