Hålandsdals Idrottslag (HIL) vart skipa som sjølvstendig lag i 1938. Då hadde det alt stått som eit særlag under Hålandsdals Ungdomslag i mange år. Mykje av idrettsaktiviteten på Vestlandet denne tida var organisert gjennom ungdomslaga. Idrett var viktig fordi det var bra for folkehelsa, meinte dei.

I lovene for HIL er det dette nyttesynet, i tillegg til det sosiale, som vert framheva: ”Laget vil arbeida for helsestyrkjande idrott og elska fram god kameratskap”. Og vidare: ”Kvar heiderleg kvinna og mann som har fylt 16 år kan verta medlem i laget. Yngre kan og verta medlemer, men utan røysterett.” Vanleg medlemskap kosta 50 øre, for dei under 16 år 25 øre. Startkapitalen til laget var pengane dei hadde tent på ein fest dei hadde halde.

Idrettsfamiliar

Den første formannen i HIL var Engel K. Skjelbreid, bestefar til ikkje ukjende Ann-Elen og Liv Grete. Med seg i styret hadde han Otto Midtrød, bestefar til Sindre og Vegard Hansen, som begge er junior-noregsmeistrar i skiskyting. Sistemann – og einaste attlevande – var Erling Solvang (f. 1921), bestefar til aktive rekruttar i dag.

Allsidige

HIL-pionerane la vinn på å vera allsidige: Om sommaren trente dei friidrett og skipa til idrettsmerkeprøvar i kule, hopp, springing, 200 m symjing og ”uthald” (10 000 m). Kvinnene var med berre på symjeprøven: Der deltok 3 kvinner og 27 menn, og alle klarde prøva.

Om hausten vart det kjøpt eit luftgevær til 28,16 kroner. Dei skipa til fest i bededagshelga for å finansiera kjøpet, med spelemann, ”Oslofrukost” og åresal. Oppslutnaden var svært god, og dei tente 60 kroner på festen. Utover hausten hadde dei skytetevlingar. Premiane var lodd til ein basar dei skulle skipa til på nyåret!

Skirenn

Om vinteren gjekk dei på ski. ”Da var no detta langrennet. Der var fleire renn på Holdhus, oppe med ungdomshuset. Da var berre gutane som var med på skirenn,” fortalde Kristi Skjelbreid (1917-2004) til bygdebokforfattaren i 1999. ”Me jentena sku koka opp mjelk i storagryto i kjellaren. Då fekk dei ein stor kopp med varm mjelk når dei kom i mål.”

HIL var ikkje snauare enn at dei laga til første skirennet same dagen som laget vart skipa: 20. februar 1938. Start og mål var på ”Kvitekleiv” på Midtrødheiane. Løypa var 10 km og 20 mann deltok. ”Det var noko lite snø, men føret var ideelt,” heiter det i møteboka. Det vart konkurrert i tre klassar: 14-16 år – her vann Hans Solvang på 45,10 min., 16-20 år – med siger til Otto Midtrød på 40,22 min., og 20-32 år – der Engel Skjelbreid vart først med 40,32 min. Alle som deltok klarde kravet til skimerket: 65 min.

Jentene med

Året etter kom også kvinnene med: Fem jenter og 10 gutar stilte til start på Midtrødheiane 26. februar. Rennet vart ikkje utan forviklingar: ”Det hadde snøa og regna nokså mykje frå løypa vart gjengen opp, so det var ikkje råd å sjå løypa att somme stader. Difor vart det sendt ut to mann som skulde gå løypa rundt før konkurransen byrja. Dette var ingen lett jobb, mykje laus snø, og klabba seg under skiene gjorde det òg, so det gjekk helst seint med brøytingi. Dei som stod på startplassen hadde feber i skrotten, og greidde ikkje halda seg lenger. Startnr. 1 sette av garde ei lita stund etter dei var komne or syne som skulde gå opp løypa. Resultatet vart at han nådde dei att vel midtveges i løypa, og laut gå ubrøytes resten. Dette kjem helst ikkje til å henda fleire gonger.”

Men alle greidde skimerkekrava, og klassevinnarar vart Otto Midtrød (A), Olav J. Rød (B) og Helga Holdhus.

På tokt til Raudkleiv

Første gong det vert fortalt om at løparar frå Hålandsdal Idrottslag deltok på renn andre stader, er 26. mars 1939, då 10 mann gjekk langrenn på Raudkleiv. Tilskipar var Omastrand Ungdomslag. Hålandsdal IL stakk like godt av med dei tre første plassane. Engel K. Skjelbreid vann. Kona Kristi tok vare på både resultatliste og pokal. Ho fortel: ”Dei køyrde til Uglehus, gjekk opp dei bratte bakkane derifrå og opp på fjellet og så på ski innover til nokre stølar. Alle jentene var med, men det var berre gutane som konkurrerte. Det var 40 mann med på konkurransen – frå ungdomslag i området. Løypa var 12 km lang med nokså tung stigning. 47,51 var tida hans.”

”Um kvelden var det premiutetling og bevertning i ungdomshuset på Oma og musikk var det òg sytt for, so me fekk høveleg mosjon etter den harde skituren yver fjellet. – Ut på natti takka me for oss, og skildest med konkurrentane våre som gode kameratar. I måneskin og nordljos, reiste Hålandsdal Idrottslag sigersæle på heimveg,” fortel møteboka. Det var tider det!

Hopp

Det første idrettsanlegget HIL ville byggja, alt i 1938, var ein skibakke på Jan Holdhus sin grunn, men dei hadde ikkje råd til å gjera han ferdig første vinteren. I 1959 melder møteboka om planar for hoppbakke frå Holdhushovden og ned på Stetto. Olav A. (Olla) Holdhus var ei viktig drivkraft. Det vart gjort mykje dugnadsarbeid, og hoppbakken vart innvigd i 1962. Bakkerekorden vart sett av Lars Tolo frå Norheimsund med 25,5 m.

HIL søkte Hordaland skikrins om å få skipa til terminfesta gutehopprenn på Holdhus 17. februar 1963. Det vart første gong HIL kom med i terminlista for skikrinsen. 50 deltakarar stilte, og møteboka melder om eit vellukka hopprenn. Hausten 1968 vart det sett i gang arbeid med å få ljos i hoppbakken for å betra treningstilhøva for gutahopparane.

På slutten av 1970-t. vart det på nytt arbeidd med hoppbakken, og i 1982 var det opningsrenn der m.a. Lars Grini deltok. 9. Februar 1985 vart det for fyrste gong skipa til kretsrenn i hopp i den nye Holdhusbakken. Det vart arrangert hoppcup. Og den nasjonale hoppkjendisen Roger Ruud har hoppa i bakken.

Skiskyting

På 1960-talet slo skiskytinga gjennom, og dette vart etter kvart den mest populære aktiviteten i laget. Då det første skiskytings-langrennet, som det vert kalla i møteboka, vart skipa til på Holdhus 25. mars 1962, stod Sævareid skyttarlag som arrangør saman med HIL. Start og mål var på idrettsplassen. Løypa for junior og klassane over 42 år (!) var 5 km, dei hadde 2 standplassar med 5 skot på kvar. Klasse 20-42 år gjekk løypa to gonger og skaut fire gonger 5 skot. Møteboka melder om ”svært bra tilslutning til dette rennet”.

Seinare har HIL fostra verdsmeistrar og OL-medaljørar, som me skreiv om i førre artikkel ”Frå Fusa til VM”. Både Ann-Elen Skjelbreid og Liv Grete Skjelbreid Poirée er utnemnde til æresmedlemer i laget.

Ljosløypedraum

30 år etter skipinga drøymer laget om ei stor nyvinning: ”Av meir langsiktige planar kan nemnast at laget om nokre år vil gå inn for å få ei ljosløype på ca. 1 km til trening for langrennsløparar og turløparar, men dette er enno berre ein draum”.

Årsmeldinga for 1973 melder at ljosløypa kan brukast, om det kjem nok snø. Samla kostnad var kr 16.585 for 1500 m sjølvberande kabel, berestreng og diverse elektrisk utstyr for tilkopling. Fusa kommune ytte eit tilskot på kr. 10.000, og HIL dekka resten med eigne midlar. Medlemene arbeidde 530 dugnadstimar for å få sett opp løypa. Året etter er heile løypa flytta og forlengd, men grunna snømangel vart det ikkje skipa til noko skirenn. I 1976 vart ljosløypa offisielt opna.

Ljosløypecup

Sesongen 1977/78 starta HIL med ljosløype-cup, noko som vart svært populært. ”Det var noko heilt nytt på våre kantar,” minnest Knut Skjelbreid, ei av dei ivrigaste eldsjelene i laget.

”På 1970-talet hadde me på ein måndagskveld 250 stykke som stilte til start berre på ei kveldsstund. Det var ungar frå heile kommunen, og vaksne. Eg trur nok det hjelpte litt til at interessa vart kveikt.”

I 1979 vart den første snøscooteren kjøpt, finansiert m.a. gjennom scooterlotteri.

Den gamle ljosløypa vart teken ned i 1985. Den nye ljosløypa på andre sida av riksvegen, vart ferdig på slutten av 1980-talet. Ho var kostnadsrekna til kr. 740.000 og vart finansiert ved hjelp av STUI-midlar, kommunalt tilskot, eigenkapital og dugnad.

Skiskyttaranlegg

HIL har ikkje lege på latsida på anleggsfronten. På 1990-talet gjennomførte dei eit nytt stort løft, då dei fekk laga skytebane i tilknyting til ljosløypa. Dermed fekk laget eit komplett skiskyttaranlegg på Holdhus. Banen vart opparbeidd ved hjelp av stor dugnadsinnsats og økonomisk tilskot frå Fusa kommune og frå statlege spelemidlar. Han vart offisielt opna i 1999. Den første store meisterskapen som vart skipa til i Holdhus skianlegg var Vestlands-meisterskapen i skiskyting i 2000.

I 2007 starta arbeidet med å byggja om traseen til rulleskibane og utvida skytebanen. Rulleskianlegget skal vera ferdig i vår.

Ein gammal draum

Ein gammal draum frå tidleg på 1980-talet er òg i ferd med å gå i oppfylling: I 2002 fekk HIL bygd veg til Heihiller i samarbeid med grunneigarane, og idrettslaget fekk laga traktor-/turveg vidare frå parkeringsplassen innover mot Bygdastølen. Første del av den etterlengta langrennsløypa stod ferdig i 2004 og del to i 2007. Målet er ljos, skytebane og sørvisbygning, slik at det i framtida kan skipast til skiskyttarrenn på Bygdastølen.

Lagsarbeid er ikkje mogeleg utan eldsjeler. Takk til alle dei som har ofra store deler av fritida si i innsats for idrettslaget desse 70 åra!

De kan lesa meir om idretten i Fusa i ”Heilt andre tider. Fusa 1900-2000” band II.

Fleire bilete finn de i biletbasen til Lokalhistorisk Arkiv i Fusa.

Spreke ungdommar på Vengsvatnet 1938 før påsketur til fjells.
Lokalhistorisk Arkiv i fusa
Erling Solvang frå det første styret.
Lokalhistorisk Arkiv i fusa
Engel K. Skjelbreid frå det første styret.
Lokalhistorisk Arkiv i fusa
Engel Solvang, ein av HIL-pionerane, i fint driv på skirenn på Holdhus ein av dei snørike vintrane på 1960-talet.
Lokalhistorisk Arkiv i fusa
Hoppbakken på Holdhus vart innvigd i 1962.
Lokalhistorisk Arkiv i fusa
Påsketur til Holdhusstølen 1938. F.v. Kristi Holdhus (g. Skjelbreid), Magdele Rød (g. Sandtorv), Brynhild Holdhus (g. Skjelbreid), Herborg Holdhus (g. Drageide), Herborg Midtrød (g. Hansen) og Hjørdis Midtrød (g. Holdhus). Dei første buksene desse jentene hadde, var lange nikkersar til skibruk. "Hauajentena klypte dei, me betalte 50 øre for da, og so sydde me dei sjølve," fortel Kristi Skjelbreid (1919-2004). Ho hadde heimelaga ski. ¿Og dei lagde te smurning sjølve, kokte i ei gryta, talg og tjøra og eg veit ikkje ka da va. Da vart slik svart klister, og me vart både skitne og stygge tå da, men da brukte dei.¿
Lokalhistorisk Arkiv i fusa
Skiskyttaranlegget ligg like ved Holdhus oppvekstsenter med skule og barnehage.
Vidar Langeland