Ein av dei som no går i bresjen for at sunnmøringane skal søkje samarbeid sørover, er Ålesund-ordføraren Arve Tonning. Høgre-ordføraren i sunnmørsbyen har kalla inn alle ordførarane i området til eit møte i slutten av månaden for å drøfte tanken om at Sunnmøre skal melde seg ut av Møre og Romsdal.

Grunnen er at Møre og Romsdal på stadig fleire område vert knytt sterkare nordover til Trøndelag. Sunnmøringane kjenner derimot langt større hopehav med Sogn og Fjordane.

Og tanken har solid gjennomslag. Også ei rekkje andre ordførarar på Sunnmøre vil heller splitte opp fylket og la Sunnmøre gå sørover. Ein ringerunde Sunnmørsposten har gjort, viser at ikkje ein einaste av dei politiske leiarane på Sunnmøre kan tenkje seg å verte knytta opp mot dei to trøndelagsfylka. Fleire meiner også på at det vil vere naturleg at i alle fall deler av Romsdalen vert med sunnmøringane sørover.