Tung, fotsid gips på venstre bein, og rullestol og krykkjer i seks til tolv veker framover. Slik blir sommarferien 2002 for Sunniva Helene Ivarsøy (13), etter eit uhell på trampolina til naboen for halvanna veke sidan.

Leggen til 5.-klassingen i Alversund er knekt rett av. Ho har dessutan eit brot som har delt beinet ned mot okla, og fått ankelbrot på kjøpet. Gror ikkje okla som den skal, blir operasjon nødvendig.

No åtvarar mor Trude Veslemøy Ivarsøy mot uvettig bruk av trampoline.

— Ikkje kjøp trampoline til ungane utan å kjøpe sikringsutstyr samtidig. Vær til stades når barna hoppar, oppfordrar ho.

Låg skadd i fleire timar

Familien Ivarsøy har erfart kor gale det kan gå, når eit barn skadar seg i trampolineleik. 13. mai var Sunniva Helene på besøk hos naboungane i byggefeltet, for å hoppe på trampoline.

— Eg skulle hoppe på knea, men fekk for stor fart, og vart slengt i salto over trampolinekanten og rett ned i treterassen, fortel ho.

Slik vart ho liggjande i fleire timar. Ingen vaksne var til stades.

— Eg hadde veldig vondt i foten, men ville ikkje tru at han var knekt, for det orka eg ikkje tenkje på det. Men eg klarte ikkje gå, fortel Sunniva Helene.

Då foreldra endeleg vart varsla, såg dei straks at foten var brekt. Dei spjelka beinet med golvlister og solid tape, og så bar det avgarde i bil: Først eit kort stopp i Knarvik for smertestillande, så til Legevakten i Bergen og deretter rett i ambulanse til Haukeland Sykehus.

Trampolineforbod

Skuleåret fekk ein brå slutt, og det er mange månadar til den aktive 5-klassingen kan trene karate igjen.

Uhellet har forandra ferieplanane for heile familien, og verken bror Truls eller søster Katrine får setje sine bein oppå ei trampoline igjen. Familien Ivarøys eigne planar om innkjøp av trampoline er skrinlagde for godt.

— Vi hadde mast om å få trampoline til sommaren. Så skjedde dette. Eg vart litt sur, men skjønnar det jo godt, seier storesøster Katrine (16) til BT.