Agnar Aarskog som er leiar i A-utvalet i regionen stadfester til Bergens Tidende at delegasjonen frå Sunnhordland uformelt har drøfta å lansera Akselsen som kandidat til sentralstyret.

Han peikar på at Bergen har vore representant i sentralstyret i mange år. Difor synest han det er naturleg at det denne gongen vert ein frå distrikta som skal målbera Hordaland sitt syn i sentralstyret.

Også partiets fremste fylkespolitikar frå regionen, Hans Otto Robberstad meiner at det no er naturleg å stilla Akselsen opp som sentralstyrekandidat frå Hordaland.

— Olav er ung. Han har brei røynsle som politiker og har vore kommunestyrerepresentant og statsråd. Han har også eit vidt nettverk både blant politikarar og blant alminnelege folk, Det siste er ikkje minst viktig i ei tid då Arbeiderpartiet skal fornya seg.

Men både Robberstad og Aarskog understrekaar at regionen ikkje vil gjera dette til noko kampsak.

— Fell valet på Anne-Grete Strøm-Erichsen, vil nok også ho gjera ein god jobb for heile fylket, meiner de to.